|
Brev frå Brettet forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund Kapittel 2 Så var vi undervegs. Ikkje lenge etter at vi starta, vart dobbelsetet tvers over midtgangen ledig. Eg smatt over og installerte meg på vindaugsplass på venstre sida på same måten som eg hadde fått Magnvald til å gjere på høgre sida. Kva slags sete ein får, er ein viktig detalj når ein reiser med buss. Så rulla vi framover i høveleg god fart. No er eg av den sorten som ikkje kan køyre langt med buss før Ole Blund flyttar meg over til ein annan doning. Denne andre doningen der Ole Blund er kaptein, er ein kombinasjon av ein terrenggåande boreplattform, eit avansert romskip og eit silkemjukt glidefly. I dette tilfellet vil det seie at han Leif hadde ikkje køyrt ekspressbussen meir enn seks-sju kilometer, vil eg tru, før eg seig inn i ein tung svevn, og draumane tok over. Kva eg drøymde? Veit ikkje. Det var ein stim av skuggar og fargar som heile tida jaga og kalla på kvarandre. Nokon begynte å syngje. Ein jerv beit meg over naserota. Han beit og beit, og det begynte å gjere skikkeleg vondt. Eg ynka meg og vreid meg vaken, ør og lemster. Jerven som beit meg, var mine eigne briller. Eg hadde blitt liggande slik at brillene kom i press mot nasestøtta som hadde blitt trykt hardare og hardare inn i den eine sida av naseryggen. Auuu! Snufs! Lommetørkle. Eg masserte den stakkars nasa mi slik at det ikkje skulle bli sitjande att eit ær som gjekk like inn til beinet. Lommetørkle igjen. Det var blitt fullt av folk i bussen. Kvar var Magnvald? Jau, han sat på plassen sin og sov og sov. Vi hadde vore saman om å gjere siste natta stutt for oss begge. Ved sida av han var det kome ei dame. På setet ved sida av meg sat det ei anna dame. Dei som song, var bussen full av tenåringar.
Så begynte alle å rope: "Astrid! Astrid! Opp med deg!" Ei jente med bitte små fletter og ein stor smil reiste seg lenger framme, snudde seg fort til alle sider og vinka med ein handa opp i veret, før ho datt ned att i setet og på att med setebeltet. Songen for Astrid var slik:
Dei ropte vidare: "Dyveke! Dyveke! Dyveke!" Dama ved sida av meg strekte armen høgt opp og vinka i alle retningar, og songen kom i si fulle lengd for talentet Dyveke. Så gjekk det vidare med Tang Ho og Konrad og Patricia. Talentstafetten stilna av, og dama på nabosetet bøygde seg innåt meg: "Konfirmantar. Konfirmantleir. Eg er den eine leiaren, ho her ei av dei andre." Ho strekte seg over til dama ved sida av ein sovande Magnvald og skrubba ho lett på kinnet. Ho som ble skrubba, greip handa som skrubba, og med den ledige handa strauk ho vennleg og kjærleg den handa som hadde skrubba. "Lenger framme sit der to mannlege foreldre og ei mor," sa ho som hadde skrubba.. Ho presenterte seg: "Dyveke Bergheim, sokneprest og konfirmantansvarleg, gift med hjelpeprest Lene Margrete Ingemann, som du ser her." Og det vart ein ny skrubb på kinnet for ho som nettopp hadde blitt skrubba. Det var min tur til å kome med nokre personlege data: "Berly Malve Jarlsjord, kaosforskar i fritt svev, nygift med Magnvald Malve som sit der borte ved vindauget og søv attmed ektemaken din. Eg har utprega talent for stundom å kjenne meg aleine og fortapt i verda. Men for det meste elskar eg verda over alt i verda." Ja visst. Vi kom i prat og eg syntest eg måtte fortelje at eg hadde nær kontakt med ein svensk prest som heitte Elsa Charlotte Nager. Då vakna Dyveke: "Er det sant? Er det verkeleg sant? Eg har lese ei bok av henne som eg alltid har for handa og kan lese meg ein snutt av når batteria treng å ladast." Dyveke kviskra noko over til Lene Margrete, og dei to teologane hadde ein rask og ivrig diskusjon. Lene Margrete bøygde seg framover, smilte til meg og løfta handa til helsing. Dyveke snudde seg tilbake til meg: "No kjem vi straks til Sinclair Kro på Kvam. Her skal konfirmantane gå over i andre bussar der det er andre kontingentar med ungdommar og leiarar. No skal dei i samla flokk forflyttast til ein leirskule oppi fjellet. Viss du synest eg blir militær i tonen, så kan det vere to grunnar for det: 1. Heimevernet skal ha ein del av ansvaret for opplegget herifrå og oppe på fjellet. 2. Under starten av opplegget i vår gruppe da vi faktisk losjerte på HV-hytta Tyribu, var det også ein feltprest saman med oss. "Enn du sjølv, då, er du feltprest?" spurde eg. "Sanneleg, du lukta lunta!" lo ho. "Ja, har vore. Eg har hatt teneste to periodar i Midt-Austen, Gaza og Libanon, og eg har sett meg på liste i tilfelle dei ønskjer meg til vidare teneste. Men då vil eg helst stasjonerast her heime i vårt eige kongerike." Ho såg på meg: "Du er kanskje ikkje så glad i det militære?" Eg rukka skallen og såg ut i lufta. "Vel, ho Lene Margrete trur ho må vere pasifist." Dyveke slo igjen ut med handa over midtgangen. "Men so skal du høyre," heldt ho fram mens ho masserte knea sine og strekte seg opp i setet. Lene Margrete og eg har sagt skikkeleg og grundig farvel til heile hurven, med klemmar og helsingar i minnebøker. Konfirmantleiren er slutt for vår del når bussen stoppar på Kvam. Ved Sinclair Kro blir denne bussen ståande nesten ein time. Hjelpepresten og eg har planar om å kjøpe oss ein matbit. Ikkje for å vere innpåsliten, men kanskje du og eg skal få ektemakane våre med på ei lita bordsete for fire? Eg kan altså nesten ikkje tru det: Er det ikkje utruleg at eg råka borti deg som altså verkeleg kjenner Elsa Charlotte Nager!" "Jau," svarte eg. "Også for ein kaosforskar er samantreffet stadig eit uendeleg stort og velsigna mysterium."
|
|
28.02.2009 |