Brev frå brettet

forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund

Tekst 1 - Kapittel 4

 

 

Magnvald kom gåande og svinga ned frå fortauet og inn på ein fotgjengarovergang. Hadde han berre gått vidare, ville han så å seie ha kollidert med meg som stod innved husveggen. Han hadde på seg fine nye klede som passa heilt perfekt og som eg aldri har sett han i før. Han tok seg veldig bra ut. Energisk og alvorleg utan å vere bråkjekk. Jakka var lys grå i flygarjakkestil, men utan skulderklaffar og noko slags militære symbol. Buksa var også stilig, - eg trur ho hadde smale loddrette striper, som veksla mellom grått og ein varm mørk brunfarge.

Eg så han heile tida bakfrå. Han gjekk med faste kontante steg. Han hadde ikkje tid til å somle, og det var ro over han. Eg visste at det var Magnvald.

Det fanst ingen andre menneske og ingen bilar. Fortauget og husa på andre sida vart borte, men fotgjengarfeltet heldt fram vidare beint fram. Etter kvart smalna feltet heilt i hop langt langt borte og Magnvald vart mindre og mindre. Til slutt løyste bildet seg opp.

Forrige kapittel          Neste kapittel

  Innhaldsliste

For tilbakemelding: enok@kippersund.no

 

31.03.2009

     Hugen