Brev frå brettet

forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund

Kapittel 6

 

- Dette er som å bli sleppt ned i fallskjerm utan kart og kompass, sa Magnvald. - Det einaste vi veit, er at denne vegen heiter Høvlerivegen, skal vi tru vegskiltet.

- Og så veit vi at vi bur hos Lene Margrete og Dyveke i Elgvegen 8, sa eg og peikte bortover i den fremste husrekka.

Etter kvart hadde vi kome oss ut under open himmel, d.v.s. himmelen var heilt sikkert døgnopen som alltid, men formlause grå skyer hang som ein tung buk over oss. Vi hadde rusla ned i vegdelet på Høvlerivegen som var hovudvegen. Høvlerivegen kom ut av skogen i den eine enden, gjekk langsetter busetnaden i ein fråstand på 20-30 meter og vart bort i skogen i den andre enden. Kva retning skulle vi velje vidare, til høgre eller til venstre? Vi fekk tru at enten kom vi til å fjerne oss frå eit høvleri eller nærme oss eit høvleri, eller?  

Like bortanfor oss låg Elgvegen 8 der vi hadde sove greitt i natt. Eg kjende berre ein slags liten gyngande kvalme eller kva det no var. Var vel eit ekko etter den spennande reisa i går som hadde vore ein kaos-dag av beste merke. Huset her var ein vanleg einmannsbustad i ei lita grend av 12-15 frittståande einmannsbustader frå 70-80 åra, halvt ordna som eit byggefelt med godt rom for kvart hus. Rundt oss til alle sider var det skog, gammal granskog, litt glissen her og der, men stod der i eit mørkegrønt kringvern. Huset til Dyveke og Lene Margrete var tjøresvart med kvite vindaugsskier og stod ikkje på skade. I ei stor urne på terrassen var det planta raude blomster, og dei var enda nokre nummer for små for urna. Men når våren straks kom i gang, ville dei sikkert strekkje seg og leggje på seg og bli bjarte og fyldige. Det small i loket på ei postkasse. Kråka som eg for ei stund sidan hadde skremt da eg sleppte opp rullegardinet, sat no på ei grein i eit plommetre som var i ferd med å pensjonere seg.  Ei ørkengul stasjonsvogn kom sakte sigande nedover frå feltet og svinga vår veg. Da ho passerte, smilte sjåføren og gav oss eit vennleg vink. Ho var aleine i bilen.

"Såg du kva slags uniform den dama hadde?" spurte eg.

"Uniform?" sa Magnvald.

"Ho såg ut som ho var i Frelsesarmeen?"

"Det kunne vere ei helsesøster eller noko slikt. Jordmor!"

"Ja, enn om!" sa eg og tok Magnvald i handa, og vi begynte å gå i same retning som den ørkengule stasjonsvogna.

 "Du hugsar Monika," sa eg. "Kjærasten hennar var i Frelsesarmeen. Det var berre ubegripeleg tøft at ho var helikopterpilot. Eg gløymer aldri  naudlandinga i halvmørkret og brannrøyken utanfor gamleskulen på Nordal.  Og det var du, Magnvald, som frelste alle oss fire i helikopteret ut av havariet, du og ingen annen! Eg hugsar godt kva du ropte inn gjennom døra som du hadde greidd å tvinge opp: "Hei, Berly! Eg har ringt til hjelpekorpset. Den fyrste bilen er på veg!"

Han sleppte handa mi og slo armen rundt meg mens vi traska i veg. Eg stoppa og stod framføre han, fekk han med på ein helikopterkyss som løfta oss over alle skogar. "Nhhh . . ." sa eg. "Berly! Berly" sa han inn i øyret mitt. Så heldt han meg frå seg med begge hendene fast kring hovudet mitt: "Berly, eg vil aldri aldri gå frå deg. Ikkje gå og tenk på den måten!"

"Skal tru om Monika er gift no. Kanskje har dei fått barn?"

Han såg på meg igjen: "Er det noko, Berly? Sei det, då!"

"Kom berre til å tenkje på Monika. Lenge sidan vi har hatt kontakt."

Ei stykke bortover tok ein sideveg av frå Høvlerivegen. Ein fint utskoren tiur av tre stod på toppen av ein vegvisarstolpe. Han var prydeleg malt med nebb og augebrun, hakeskjegg og fjørdrakt. Ei pil peika bortetter den smale vegen:

  ~~ Tiuren barnehage ~~

Under tiuren var ei treplate:

Skogsuset er som lyden av

en fugl i flukt.

Slag fra de store vingene

av håp og drøm og lengsel

som holder kloden svevende i rommet

trass i den voksende tyngden

av krig og blod

og fortvilelse

Hans Børli

Vi stoppa og såg nærare på det fine handverket. "Dette må eg ta bilde av så Edward får sjå det!" sa eg og klikka i veg. Tiuren var klar til å ta til vengene! Ein plakat som hadde  vore festa til stolpen, var det berre teiknestiftane att av. Vi følgde pila, og den smale vegen låg framføre oss som ein tunnel i skogen. Eg snudde meg, og der hadde kråka sett seg på ryggen av den stolte tiurfiguren. Eg tok etter kameraet. Kråka tok til vengene.

"Skal vi snu?" sa eg. "Det vart så tett og mørkt her inne. Det liknar på slik det er i Nordalen. Eg var litt reisekvalm da eg vakna i dag."

"Austlandet har både prærie og jungel," sa Magnvald. "Eg trudde ikkje du var redd for det ukjende."

"Eg er ofte meir enn redd nok, viss eg tek meg tid til det og viss eg helst vil ha fred og ro. Elles likar eg ikkje at du kjem med halvkveda viser som begynner med "eg trudde ikkje du var . . . " Men greitt for meg, vi går vidare."

Vi vart ståande utan å seie noko. Skogen stod der. Den steinete grusvegen låg der. Der stod vi.

"Der er ein stein vi kan setje oss på," sa han.

"Set deg, du!"

Det høyrdest baskinga av ein stor fugl som heldt på med noko mellom greinene på eit tre.

"Skal vi snu og heller gå vidare på Høvlerivegen?"

"Kanskje. Same for meg."

Inne i det tette snaret baska det vidare av store vengjer, og det kom lydar som av ein falsk trompet med lyddempar.

"Hau-hau!" sette Magnvald i. Ein augneblink var det heilt stilt, så var det noko flygande som tok laust der inne. Ein skimt av noko kvitt og grått.

"Gampe deise!" sette Magnvald i. "Ei hegre? Hegre her?"

"Stork!" sa eg. "Det var ein stork, heilt sikkert!"

"Stork, du!"

"Ja, stork, du!"

Eg smatt innåt Magnvald og tok eit godt tak i han. Sette blikket mitt rett gjennom tårene djupt inn i augene hans:

"Magnvald, det skal bli tre av oss! Det trur eg nesten heilt sikkert!"


Foto: Øystein Søbye.  Kjelde:  

Diktet av Hans Børli er "Skogsuset (I)" frå "Etterlatte dikt - På harmonikk. Siste dikt" Aschehoug 1991

Naudlandinga med helikopteret Arn kan du lese om i forteljinga "Alt er berre hol i hol", kapittel 28.


Forrige kapittel     Neste kapittel

For tilbakemelding: enok@kippersund.no

  Innhaldsliste

21.04.2009

     Hugen