Brev frå brettet

forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund

Kapittel 7

 

Dyveke og Lene Margrete hadde vore strenge: "Høyrer de, no skal de ta dykk trygt til rette på stova og kjøkkenet oppe hos oss. Soverommet og arbeidsromma våre skal de også få sjå, men der må de ha kvalifiserte gaidar. Brei dykk i sofaen, om de har lyst så kik i alle hyller og bøker og album, ta i augesyn det som finst av veggepryd, - eller lat det alt saman berre vere - og så er det lov å sjå over potte-plantene og forbarme dykk over dei med vatningskanna som står på kjøkkenbenken."

Det var ein grei instruks nett no. Gjer kva de vil, alt eller ingen ting.

Og det var ikkje lite å kike på av familiehistorie og presteliv. Dyveke i sin norske oppvekst, med besteforeldre, mamma og pappa og søsken og tanter og onklar. Kring Lene Margrethe var det ikkje så mange personar på familiebilda, men ho sjølv som ein av mange i barnehagen og seinare ein skjelmsk tenåring. Hadde dei kjent kvarandre i studietida? Bryllaupsbildet på veggen. Dei var aldri så lite yngre den gongen. Begge i halvside lyse kjolar og med kvar sin blomsterbukett. Og hulter til bulter kom kyrkjer og sokneråd, dåpsfølgje ved døypefonten, bispevisitasar og konfirmantgrupper på kyrkjetropper. Ei gravferd med fire kister. Glimt frå utland og u-land, sjømannskyrkjer og feltprest under open himmel. Ballett i kyrkjerommet. Kurs og seminar, bibelgrupper og kunstverkstad. På fjordfiske og hyttetur i fjellet.

Bokhylla var ikkje overveldande, meir fanst nok i andre rom. Eg streifa som snarast langsmed bokryggane, og der stod ei bok av Elsa Charlotte Nager: "Draum og dagleg dont." Boka som Elsa skreiv, og som ho under skrivinga las for meg, bolk for bolk. I mi eiga bok heime, har Elsa skrive inn fremst i boka: "Kjæraste Berly, du lyttande unge vedunder. Takk for at du lokka og loste boka fram som medskapande mottakar." I denne boka her i Elgvegen 8 var det inga helsing frå forfattaren, Dyveke hadde sjølv skrive namnet sitt og ein dato. Men Dyveke var ikkje ein mindre aktiv mottakar enn eg hadde vore, for utover i boka var det fullt av understrekingar og notat i margane. "Når du er skikkeleg sliten, blir du ikkje utkvild av å setje deg ned, og så straks reise deg opp att."

Eg sette meg i ein vakker rakrygga stol som gav støtte til min rygg. Grinda i stolen var spenstige bogeformer og setet og ryggen var stoppa med eit vakkert mønstra stoff, blåklokker på ein frodiggrøn botn. Stolen stod skrått vendt mot det store vindauget. Ein stor lastebil som var drektig med eit mektig lass av tømmerstokker køyrde tungt og ikkje til å stoppe forbi der nede på Høvlerivegen. På andre sida av vegen kom ei open slette, før skogen stod der og rada seg opp innover og innover i utmattande endeløyse som eit overfylt trangt bibliotek under eit lavt skråtak. Kanskje allereie i morgon kunne den tilskya himmelen vere ein open og himmelhøg himling. Og utsyn herifrå utover sju prestegjeld.

Magnvald romsterte bak meg og hadde blitt opptatt av ein serie med biblar i ulike utgåver. Han tok ut ein og opna han helst på slump: "Høyr her, skal eg lese til deg?"

"Veit ikkje heilt," sa eg.

"Det er som då ein mann skulle fara utanlands," begynte han.

"Det klarer seg, til så lenge," sa eg. "No sit eg her ei lita stund og vil undrast på kva talent det er å vere gravid. Viss du vil, kan du stikke ned og reie opp senga og rydde og ordne litt. Kanskje du har lyst å sjå deg rundt på tomta og bortover resten av Elgvegen."

Trufaste Magnvald smatt ned trappa og let meg vere aleine. Dei arme varme tårene stiltra seg fram og vart til kalde grimer nedover kjakane mine.

 

Dette opne

eg studerer dette lette pustet
av ein mann som går inn og ut av
seg sjølv som om han var ei dør

inn og ut av livet mitt
 som om eg skulle vere utan grenser

om han er ein engel eller djevel
eg kan gjerne spørre men spar
meg for eit svar

ingen ting skal få øydeleggje dette
opne, trekken frå døra som slår
og slår i kroppen min, står halvopen

i augene mine, alltid

 

 


Illustrasjonen på toppen er eit foto frå nettstaden til den danske kunstnaren Birgit Elmon: www.birgitelmon.dk

"Dette opne" er eit dikt av Brit Bildøen.
http://www.nrk.no/nyheter/kultur/forfattere/1286394.html

 


Forrige kapittel     Neste kapittel

For tilbakemelding: enok@kippersund.no

  Innhaldsliste

02.05.2009

     Hugen