|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund Kapittel 8
Lene Margrete var den første av dei to som kom heim att: "Hipp hurra, eg har fått bilen min tilbake frå verkstaden. Vart ikkje vraka på denne EU-kontrollen heller, tvert imot kan Holger enda gå mange mange mil! Eg inviterer til ein liten rundtur i morgon!" Vi hadde smurt oss eit par raske føremiddagsskiver, og Lene ville at vi like godt skulle setje oss inn i sofakroken i stova. Som snarast hadde vi alle vore innom eit spesielt tema i går kveld før vi kom oss til sengs, slitne som både vertskapet og vi gjestene hadde vore. Så å seie utan vidare hadde Dyveke fortalt at ho i lengre tid hadde vore ved å møte veggen, ho sov dårleg og konsentrasjonsevna svikta. Ho burde nok i tide ta seg ein grundig ferie, helst også få ei fagleg oppfrisking. No sikta Lene seg inn att på dette emnet: "Dyveke og eg er heldige og finn godt ut av det med kvarandre. Viss ikkje vi begge to hadde hatt den andre til å støtte oss til, ville det blitt heller smått stell. Men så er det også klart at der er eit dagleg trykk for kvar av oss at vi begge har ei krevande teneste, spesielt for henne som er sokneprest og i periodar også må vikariere i prostestillinga. Og kanskje det personlege og private samlivet vårt, som vi har mått kjempa for, blir sveltefora og tappar oss meir enn det fyller. Det blir liksom fort meir av kav enn kvile, både her heime og der ute i embetet." "For dykk slik som for alle Guds skapningar på denne hans vide jord," la Magnvald innpå. "Og depresjonane og motløysa ligg og lurer i krokane." Lene tok ein slurk av kaffikruset og smilte kort. Så såg ho på skrå bort på oss, først på meg, så på Magnvald, så på meg igjen: "Det slo ned som eit lyn i Dyveke på bussen da du fortalte at du har nær kontakt med Elsa Charlotte Nager. Ho håpar inderleg at de kan vere her nokre dagar, og at du Berly kan dele med henne av din kunnskap frå Nager. Ho har ei magekjensle av at det kan vere råd å få til ei kraftoverføring frå Elsa Charlotte Nager til henne med deg som ein høgspentkabel." Heilt av seg sjølv la eine handa mi seg på magen min. Lene såg igjen på meg med ettertrykk: "No spør eg deg, Berly, om du trur at du kan ta ein telefon til Elsa Charlotte og høyre om Dyveke kan få reise vestover og treffe henne til samtale. Ja, Dyveke har gitt meg lov til å lufte dette for deg." Utanfor vindauget hadde gråveret tjukna til. Skogen hadde ikkje vike tilbake ein tomme. Der ute under mellom mosegrodde graner stod elgane og tygde drøv slik dei alltid hadde gjort i mange lange tusenår. Ein minibuss stoppa nedpå vegen og sette av nokre skuleungar. Tida står bommande fast, og tida går fortare og fortare. Eg prøvde å småtenkje vidare frå der Lene slutta: "Eller eg ringjer til Elsa og spør om ikkje Dyveke og ho kan ta ein prat på telefonen. Eller eg ringjer og seier at eg har fått akutt heimlengt, for det har eg nemleg fått, og om berre få dagar dukkar Magnvald og eg opp att på gamle tomter saman med to prestar som er hamna i ein stri motbakke. Eller du og Dyveke kan slå dykk saman med oss på den vidare kaos-reisa vår. Og fleire alternativ vil heilt sikkert melde seg." Magnvald rykte til med eit strypt "kah!" som om han var knebla. "Ja, vi skal nok finne ein ende å spinne vidare på," sa eg. "Men først må vi få heim Dyveke sjølv hit att i Elgvegen." Lene reiste seg og gjekk svint ut på kjøkkenet og henta bibelkrukka som ho rette fram til Magnvald: "No kan du trekkje eit bibelkort og lese for oss." Og Magnvald var lett å be om både å trekkje og lese:
Vi let orda få ei stille stund. Magnvald gav kortet til meg, og eg las det for meg sjølv. Gav det så vidare til Lene som heldt det opp framfor seg mens ho let att augene som om ho prøvde å hugse noko. "Eit heilt løft å få med seg ein tekst som dette," sa ho. "Men same koss, eg gir meg over og let teksten løfte meg. Så får vi sjå kvar han set meg ned att." Ho strekte seg fram og la kortet pent og tydeleg frå seg attmed bibelkrukka: "Takk, Magnvald! Ein gong seinare i dag vil sikkert Dyveke også høyre deg lese det." "Men no," sa ho, "må vi lese oppskrifta på elggryte og gjere oss klar til felles kokkejobb." Ho reiste seg og samla i hop tallerkane og koppane etter føremiddagsmaten vår. Fasttelefonen ringde. Han stod på kjøkkenet med avtalekalenderen på veggen over seg, hadde eg sett. Lene smatt i veg, og let att døra etter seg. Gjennom veggen høyrde vi likevel tonefallet hennar, forundra visst, og så med ein glad liten lått. Ho kom fort inn att: "Berly, det er telefon til deg." Ho såg eg vart helt overrumpla. "Nei nei, det er ikkje noko farleg!"
|
|||
|
16.05,2009 |