|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund Kapittel 9 Telefon til meg! Koss kunne no det gå til! Magnvald og eg hadde gjort oss ein viss umak med å gjere bryllaupsreisa vår telefonfri. Mobiltelefonane våre skulle for det meste liggje avslått djupt nede i sekkane. Avtalen med Elsa var at vi sjølve skulle kople oss opp og ringje til henne i middagstida på onsdagar og laurdagar og fortelje kvar i verda vi var komne. "Mobilen skal også ha ferie!" var vi einige om. Forfjamsa gjorde eg meg fri frå armkroken hans Magnvald og kom meg på føtene. Lene stod smilande som ei anna kontorsøster og heldt open døra ut til kjøkkenet der fasttelefonen var. Da eg var halvt framme på golvet, høyrdest eit nytt ringesignal. "Det er folk på ytterdøra," sa Lene, men fekk først fart på meg gjennom kjøkkendøra og let stilt att etter meg. Det vart ein heller lang telefonprat, uventa og spennande. Etter kvart måtte eg leggje på og gjekk inn att i stova, klar til å fortelje siste nytt. Da hamna eg midt i ei krigssone. Magnvald stod no framme på golvet og fikta og slo med peikefingeren mot ein mann eg aldri hadde sett og ikkje visste noko om. Framandkaren sat roleg og brei på pianokrakken. Det var nok han som hadde ringt på ytterdøra i stad. "Du er visst ein slik som likar å granske hjarte og nyrer!" truga Magnvald. Framandkaren småsmilte vidare, laga små rukker i panna og halla på hovudet: "Lene og eg har funne ut at det er ofte greitt med ein direkte tone, men tydelegvis har eg no kome i skade for å trakke ein fundamentalist på tærne. Sorry!" "Nei no, menneske!" bruste Magnvald. "Kven er det som er fundamentalist, må eg verkeleg få lov til å spørje! Her kjem du og utan vidare stikk meg eit bibelsitat som ein rykande pistol midt i synet og skal vite om eg gjer meg rettferdig ved lova eller om eg lever ved tru." "Ja, du har oppfatta spørsmålet, og det var altså like før eg trudde du var katolikk," la han andre imot. "Er ikkje det siste mote på Vestlandet?" Lene gjekk inn mellom dei to som ein fotballdommar med ei manande hand mot kvar av dei. "Kjære Magnvald og kjære Kåre, eg er huseigar og vertinne og ber dykk å ta ei våpenkvile." Magnvald seig ned att i sofaen der han sat i stad, og eg tok sjansen på å setje meg ved sida av han. Det vart heilt stilt, det var berre litt mannepust å høyre med små kremt innimellom. Lene greidde ikkje heilt å halde seg alvorleg, men hadde eit ord til dei to: "På vegne av Paulus og galatarane takkar eg for at de ikkje let gamle brev støve ned." "Eg abonnerer på Krigsropet," kom Kåre. "Og stor takk også til Krigsropet," understreka Lene. Ho peika på meg og peika på han på pianokrakken: "Berly Jarlsord - Kåre Utbakk." Eg og Kåre nikka til kvarandre, litt stive i smilebanda. Han var tett i kroppen og kolmørk i det glatte håret, naturleg gyllen i huda. Var han frå India? "Og no, Kåre, er det tid for pianoet," sa Lene og dalte ned attmed stovebordet. Og denne Kåre Utbakk slo ut med begge hendene, vrengde av seg ytterjakka og la ho på golvet, snudde seg og sette seg til rette. Han var forsiktig med tangentane, spelte ein del feil og var ikkje fornøgd sjølv heller. Begynte opp att og leitte vidare, fekk i hop ein spenstig akkord med høgre handa og med andre handa slo han med fire fingrar tett saman ein dempa bassklump. Sakta tonte han ned heile spelet til det vart stilt. Da rette han begge hendene i veret, strekte seg i ryggen, sprikte ut med fingrane og knytte dei, sprikte og knytte. Så maka han seg til att på krakken og spelte roleg og tenksamt ein enkel melodi som han begynte forsiktig å syngje til, eller ein kunne seie at han deklamerte:
Han slutta sakte og hovudet seig ned. Så reiste han seg, greip jakka frå golvet med eine handa, strena bort til Lene og gav henne ein inntrengande klem og sa noko stilt til henne, kysste henne så på begge kinn. Han vende seg som snarast mot oss og vinka med den ledige handa. Så tredde på seg jakka mens han tredde seg sjølv ut døra. "Han har ikkje vore her på fleire månader, kanskje kjem han att seinare i dag, kanskje ikkje før neste år, - om han kjem att nokon gong, då," sa Lene Margrete og gret ei tåre for Kåre. Ho sette seg sjølv til pianoet: "Dette blir berre til privatbruk, dette blir på min måte - går det, så går det." Ho justerte krakken ørlite, skubba seg til rette på setet, rette seg opp i ryggen, var klar med hender og fingrar, - så mjukna ho i hele seg og begynte å spele - "Hymne til fridomen" av Oscar Peterson. Det vart Lene Margrete i fase etter fase, prøvande, stillferdig og vakkert, vanskeleg og vondt, knust og atterreist, bedande og i stille jubel. Siste anslaget, ein skjelvande innpust, ho reiste seg med eine handa for andletet og kom i raske steg over til oss i sofaen, sette seg halvt oppå fanget til både Magnvald og meg, slo eine armen kring meg og bora seg innåt halsen min. Det varte ikkje lenge. Ho gjorde seg laus, gneid seg i andletet: "Uff, det vart aldeles ei rotbløyte. Her dånar eg utover skuldlause deg som ei forvaksen valmue. Eg har visst gjort t-skjorta di klissblaut, Berly!" "Jazz og tårer er begge deler av det gode," kom Magnvald. "Ver no berre ikkje redd, Magnvald, at eg skal ta ho Berly frå deg," sa Lene og reiste seg mens ho som snarast glatta og retta på skjørtet sitt. "Har du for resten fått vite kven ho fekk telefon ifrå?" - - - o - - -
Forrige kapittel Neste kapittel For tilbakemelding: enok@kippersund.noFoto: Rhododendron (E.K.) |
|
29.05.2009 |