Brev frå brettet

forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund

Kapittel 11


 

Dyveke begynte å fortelje: "Eg har av og til ein draum som kjem att i nesten like repriser. Er ikkje akkurat eit mareritt, men melder seg altså innimellom som ei plagsam påminning."

Ho såg på meg: "Draumen er svært enkel for meg, sjølve "filmen" som eg ser, men eg veit ikkje om eg greier å fortelje slik at du skjønar skikkeleg."

"Kom igjen! Berre fortel i veg, ikkje strev med å forklare."

"Vel, eg sit altså på eit brett med trallehjul under, slike hjul som ikkje held ei fast retning, men som lett svingar i nye retningar heile tida. Du ser slike hjul på f.eks. kantinetraller og handlevogner."

"Ja, eg har sett dei på visse typar øvingsbrett som blir brukte i skulen for sansemotorisk trening og støtte til leseopplæringa."

Dyveke heldt fram: "Brettet i draumen er så stort at eg sit oppå brettet med føtene. Eg har ein gjennomsiktig plastkuppel over meg og held begge hendene på eit lite ratt som kjem opp mellom knea. Det står ikkje på skrå, som i ein bil, men ligg vassrett og minner meg om eit kranratt, altså ei slik kran som dei kan stengje og opne store vassrør eller oljerør med. Men eg styrer og svingar med det lett som ingen ting."

"Styrer?"

"Ja, ikkje sant, ikkje mykje til styring, å styre slike trallehjul som er som kuler, er sjølvsagt ikkje råd. Og når eg merkar at eg ikkje får styring på dette brettet mitt, får eg panikk og styrer og svingar berre verre, men det nyttar berre ingen ting. Brettet er ute av min kontroll."

"Er det berre du og brettet? Er du ute i trafikken?"

"Ja, eg trur eg er ute i trafikken, og det går det med bra fart."

"Og slik går det og går det, du køyrer og køyrer på dette brettet."

Dyveke lo: "Vel, draumen varer ikkje lenge, og med det same han sluttar får ei slags forklaring: Brettet mitt med kuppelen er montert inn i framhjulsstillinga i staden for eit vanleg hjul på ein monsterlastebil. Brettet mitt er i staden for det høgre framhjulet, og eg får eit glimt av det venstre hjulet som er kjempestort, sikkert 4-5 meter i diameter. Vel, dette trallehjulet mitt er trygt forankra i styresystemet på den store bilen, og høgt over hovudet mitt sit der så klart ein sjåfør og held styring på gigantdoningen. Det funkar greitt nok med dette rullebrettet når bilen elles er utstyrt med trauste solide hjul, kanskje både åtte og ti. Eg er meir som eit baugspryd, men altså ikkje plassert oppå panseret."

Dyveke tok ein liten pause før ho sa: "Og det var det. Har tenkt på om eg skal søkje patent på konstruksjonen! Men altså, der sit eg altså innestengt under kuppelen, heilt nede på gatenivå i ein jungel av hjul og understell og støytfangarar i myldrande stress ikring meg, utan noko slags kontakt med vedkomande som styrer det eigentlege rattet, og eg anar ingen ting om kvar kjøreturen går og kva som skjer. Men, altså eg kavar og svingar, hissigare og hissigare, på denne nyttelause rattkrana mi."

"Blir du redd?"

"Ikkje akkurat, men eg har panikk for å gjere ein jobb som eg trur eg berre må få gjort, og som eg er aleine om. Eg kavar og kavar for å gjere det som er ansvaret mitt. Men same koss eg svingar og snurrar på det gagnlause rattet, har det absolutt ingen verknad på styringa, niks og null og ingenting. Det logiske var at eg skulle vere oppe i styrehuset, men eg sit der stengd inne og isolert i eit kammer nedst nede og fremst framme i kjølen. Eg sit der som ein tommeliten som når som helst kan bli trakka ned av dei store trafikkelefantane som det er fullt av til alle sider!"

Dyveke stogga og drog ein hikstepust. Den trauste samvitsfulle presten sat rett overfor meg, på andre sida av salongbordet. I ei tynn lenkje kring halsen bar ho eit enkelt smykke, ein liten gullkross. Det glimta i det blanke metallet.

Vi sat stille og såg som snøggast kvarandre inn i augene. Eg høyrde meg sjølv seie, roleg og direkte: "Trur du på Gud, Dyveke?"

 

 

Kjelde for biletet øvst på sida: www.artbible.net

Biletet er knytt til profeten Ezekiel, 1, 15 - 21:

Medan eg såg på skapningane, sjå, då var det eit hjul på jorda attmed alle fire. Hjula såg ut som om dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var eins på skap. Det såg ut som dei var laga såleis at det eine hjulet var inni det andre. Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Hjulringane var høge og skræmelege, og det var fullt av augo rundt ikring på alle fire hjula. Når skapningane gjekk, gjekk hjula attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg. Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula. Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula.
 

Forrige kapittel   Neste kapittel

For tilbakemelding: enok@kippersund.no

  Innhaldsliste

06.07.2009

     Hugen