|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald av Enok Kippersund Kapittel 12 "Om eg trur på Gud?" Det var mest så Dyveke vart skremd. Ho tok seg til halsopninga på blusen, og handa hennar knytte seg varleg om den vesle gullkrossen i den tynne lenkja. Handa til Dyveke var ei tenarhand. Mange gonger hadde ho stått ved ei grav, teke tak i den vesle skufla og kasta mold på ei kiste: "Av jord er du komen, til jord skal du bli, av jorda skal du atter stå opp." Og minst like mange gonger hadde ho duppa fingeren i dåpsvatnet og teikna det heilage krossmerket på panna og bringa til eit dåpsbarn. Frå vogge til grav, frå dåp til død. Alle dei gongene ho hadde delt ut altarbrødet til nattverdsgjester, både dei knelande ved altarringen og stundom til nokon som måtte få presten heim til seg eller til sjukesenga. Og handa hadde ho lagt varleg på hovuda til konfirmantar og brudepar og velsigna dei. Alle dei tusen gongene ho hadde bladd seg att og fram i Bibelen, og dei mange gongene da begge hendene vart falda i bøn og ettertanke, i rådløyse og i takk, i kyrkja framfor kyrkjelyden, aleine på kontoret, i bilen på ein parkeringsplass, på kjøkkenet, her i stova, så mange ein gong saman med Lene Margrete. Og så var det alle dei hjelpelause stundene då hendene ikkje visste heilt, fåfengde diskusjonar med ivrige gestikulasjonar, alt det daglege då begge hender sysla kvar for seg eller delte på det som måtte gjerast. Å vere prest er ikkje eit handverk, men mykje av verket må gjerast med handa i liturgiske teikn. Eg stokk sjølv. Spørsmålet mitt var ikkje så heilt uvanleg, men det hadde berre kome, kvast og uventa: "Trur du på Gud, Dyveke?" Eg reiste meg opp og gjekk fram på golvet. "Kom, Dyveke," sa eg, "stå her, du også." Ho reiste seg straks, og der stod vi, andlet til andlet. "Gi meg handa di," sa eg, "prestehanda". Og eg tok handa hennar i mi og heldt henne. Begynte å stryke handa hennar med mi, på handbaken, snudde henne og la min handlov mot hennar. Greip om finger for finger, gneid varleg om kvar av fingrane, kvart av ledda. "Du har så vakre bein i fingane dine," sa eg. Dyveke lo. "Ja, eg er ein del av Guds skaparverk, veit du!" "Ja, det er ein tanke som ikkje må gå i gløymeboka." Eg heldt fram med skjelettmassasjen og kom til ringfingeren. Også han ein finger med velforma bein og sterke ledd. Gifteringen sat trygt, til å snare rundt om fingeren, men ikkje lett å trekkje ut over fingerknoken. Gøymde tomlingen hennar inne i mi hand, let så handa mi gripe over dei fire. Løfta prestehanda hennar og la begge hendene mine om handleddet hennar. "Den sterke handa di, kjære Dyveke, har lov å bli trøytt innimellom. Kor ofte let du ho få kvile?" Eg gjekk innåt henne, tok ikring henne, og heldt ho i ei fast omfamning. Bad henne så leggje seg på rygg på sofaen der eg hadde site, og sjølv sette eg meg i stolen hennar. "Ligg du skikkeleg godt? Ikkje for høgt og ikkje for lavt med hovudet. Make deg til så du ligg med heile deg. Best å ha pleddet over seg også. Eg synest sjølv det kan vere godt å finstille meg i eit stabilt sideleie. Gi deg av inni kvila. Kvile. Kvile. Kvile. Du er ikkje sjuk, det er ikkje dårleg med deg, men tak no ei fristund." Så falda eg hendene mine og bad høgt: "Kjære Far i himmelen. Du har gitt Dyveke ei påminning gjennom ein sterk og tydeleg draum. Våre hender, same kor lydige og iherdige vi prøver å vere, skulle ikkje prøve å ta styringa ut av dine hender. Vi gløymer å kome til deg og spørje deg direkte til råds, seie kva som er vanskeleg og usikkert. Giv oss eit svar, ikkje eit heilt og ferdig svar, men eit spor å følgje. Hjelp oss til å lytte, til å ane, til ikkje å vere redde for å gi oss tid, til ikkje å haste forbi. Vi ønskjer å gå i fred og tene deg med glede." Det var stilt ikring oss. Dyveke snudde på seg, og drog pleddet til rette. "Snille Berly," mumla ho og gjorde ikkje motstand mot svevnen. ---------------
Bildet øvst på sida: "Engel der baner vej" av Birgit Elmon http://www.birgitelmon.dk/15485585?i=29292417
Forrige kapittel Neste kapittel For tilbakemelding: enok@kippersund.no |
|
21.07.2009 |