|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald av Enok Kippersund Kapittel 13 Etter draumesamtalen og skjelettmassasjen i går kveld hadde Dyveke sovna på sofaen. Eg gav henne ein liten halvtime før eg vekte henne forsiktig til eit krus med kamillete og eit tynt rugkjeks attåt. Lene Margrete og Magnvald kom tilbake frå råneturen og romsterte seg inn att i garasjen, før dei fulle av mykje å fortelje romsterte seg inn på kjøkkenet og inn til oss to i stova. Draumen til Dyveke vart fort ei hovudsak, og Magnvald sa: "Det heiter apparathjul. Slike hjul svingar like lett i alle retningar. Å begynne å styre eit apparathjul med eit ratt er som å prøve å setje ratt på eit glatt såpestykke. Vitsen er jo at dei nettopp skal trille fritt. For å styre doningar med apparathjul, krevst det ei overordna hand, slik som på handletrillene på kjøpesenteret. For meg handlar draumen om å gå over bekken etter vatn." "Eller leite etter drikke, men gå forbi kjelda," kom Lene Margrete. "Eller ta imot det kruset som blir bode oss," smilte Dyveke matt og løfta tekruset som eg hadde laga til. "Vi som er prestar forkynner og formanar stadig at folk kan gå bønevegen for å finne ut av stress og flokar der vi sit og skal styre og regjere med alt som kjem i vår veg. Og så gløymer visst vi prestane sjølve å gjere det som vi gir andre råd om, akkurat som om prestar ikkje har sitt å stri med." Før vi la oss til kvile, bad Dyveke ei kveldsbøn med ei undrande takk til Herren Gud. ------------------------ Vi stod opp til ein ny dag og felles frukost oppe hos Dyveke og Lene Margrete. I går kveld gleid eg inn i svevnen med ein smil. Det følgde ein slik god fred etter samtalen mellom Dyveke og meg om draumen ho hadde hatt. Skjelettmassasjen eg hadde gitt prestehanda hennar var som å gi meg sjølv ei oppmjuking. Samtalestunda vi alle fire hadde til slutt, var ei Emmaus-stund. Magnvald stakk ein snartur ut på terrassen og kom inn att med ei gladmelding: Klår himmel og sol! "Da tar vi frukosten ute!" ropte Lene Margrete. "Alle lagar seg til skiver med pålegg, vi sprettar alle nye pakkar, mens Magnvald og eg får på plass verandamøblane. Eg set i sving ei stor kanne med søt chili-te, pluss ein like stor kaffi-Lars. Ta på ei ekstra jakke!" Der stod vi og der sat vi glirande morgonsola midt imot. Skogen som hadde stått innpå og vore trykkjande hadde fått ein vid himmelkvelv over seg. No var utsynet fritt og vidt langt innover til frie åsar der det var hus og heimebøar. No var ikkje skogen stengjande, men gav utsyn. Det mørkegrøne var ikkje ein massiv mur, men ei kjærleg omfamning av glenner og bøar og heimar og opne rom. Eg smatt ned i underetasjen til sekken min og grov tak i "Christianus Sextus" av Johan Falkberget. Bad om lov til å lese litt om morgonsola over snaufjellet. Malmleitaren Adam Salomon Dopp ørar rundt på tredje veka og er sikker på at han skal gjere det stor ertzfunnet. Eg hugsa også å ta på meg solbrillene. Mens cigarilloen til Lene Margrete spreidde sin danske ange attåt morgonsola, gav eg meg til å lese, med ein og annan slurk chili-te innimellom:
Eg gjorde eit steg framover i teksten for lese slutten av utdraget:
"Ja! Ja! Ja!" sa Dyveke med ettertrykk på kvart ja, og alle tre rundt meg klappa. Lene Margrete tok ordet: "Er ikkje malmleiting og draumearbeid litt av det same? Kan vi ikkje rekne denne morgonstunda her og no for den historiske augneblinken då vi skipa Kollektivet Hjartesola?" Ho myste halvmorsk bort på Dyveke for å sjå om ho støtta forslaget. "Vi kan ta votering med kvite og svarte steinar," svarte Dyveke. "Kvar kan bruke tre til fem steinar og sjølv bestemme om alle fem skal vere kvite eller alle fem skal vere svarte, eller dei skal vere både kvite og svarte!" Da høyrde vi redde fotsteg som small i asfalten og kom springande på vegen ovanfor huset. Ei andpusten stemme ropte "Det brenn i "Gamledirektøren" Brann! Brann! Hjelp!" Ein augneblink stussa vi. Så ramla vi oss ut på vegen alle fire. "Ikkje sant, "Gamledirektøren" er det fråflytte huset som står litt bortanfor byggefeltet, rundt svingen?" spurde Magnvald. "Fråflytt og fråflytt, kven veit," sa den unga kvinna som prøvde å få att pusten. "Og no er alle vaksne på jobb, og ungane er i barnehage og på skule." "Eg blir att her," sa Dyveke. "Så får de tre andre ta på skikkelege sko og kome dykk bortover. Spring eller ta eine bilen!" "Magnvald og eg kan springe," sa eg. "Lene Margrete kan ta bilen viss ho vil. Dyveke, ring til 113!" "Kom då," sa Magnvald og drog i meg. Og så la vi i veg, han og eg. ------------------------ Kjelde for bildet øvst på sida: http://www.mediaplanetonline.no
Forrige kapittel Neste kapittel For tilbakemelding: enok@kippersund.no02.08.09 |