Brev frå brettet

forteljinga om Berly og Magnvald

av Enok Kippersund

Kapittel 14


1.

Vi hadde eit krokettspel som låg i ei trekiste. Når dei vaksne kom på at dei skulle spele krokett, måtte dei hente kista frå vedbua og ut på marka framom huset. Kista var for tung å bere for oss ungane. Kista var smal og avlang og av solide materialar. Loket var hengsla og med hengelås. Det var stor stemning når dei vaksne spelte krokett, og mest spennande når kulene kom i vegen for kvarandre. Så vart det slutt. Nokon tok kista og grov ho ned ute i skogen. Ho skulle liggje der til krigen var over.

2.

Det var heller håplaust å rope Brann! Brann! og Hjelp! Hjelp!, for bygge-feltet var rista og tømt for folk. Dei fleste, - ungar og ungdom og vaksne, - hadde rista frukostrestar og hus og heim av seg og kome seg i veg på jobb eller skule eller barnehage. Det var ikkje sikkert at nokon av dei få som var att heime, - her og der i eit og anna hus, - ville leggje merke til den kraftlause ropinga ute i den folketomme gata. Somme tok seg kanskje ein strekk på sofaen no som det var litt fred å få, andre brukte å  ha radioen høgt på, - ein nabo gjekk over til ein nabo ved sida av for å hjelpe til med å rydde i kjellaren.

3.

Bokstaveleg

 

halde hodet i tunge hender

ha glasklare handled

 

vere ei lyttande klokke

ein lyttande bokstav

vere eit sett av lyttande bokstavar

 

halde hodet i tunge hender

legge det frå seg     eit egg

ei skjør kule

som finn tyngda i alle ting

ei lyttande tyngd

 

merke av med bøylar i marka

eit eige alfabet av bøylar

til slutt finne ein klokkeklar bevegelse

 

for det tungt lyttande hodet

det heilt gjennomsiktige hodet

 

 

4.

Logane frøste og stod høgt i veret. Det velta opp ei beksvart røyksøyle over oss som skystolpen i front for Israelsfolket på vandring gjennom øydemarka. Men det var ikkje huset som brann. Røyken stod opp frå ein haug med bildekk i trygg avstand frå det malingslitne huset som folk kalla Gamledirektøren. Vi var ein sju-åtte personar som hadde skunda oss så godt vi kunne fram til åstaden, og det kom også 3-4 bilar, mellom dei Lene Margrete. Lensmannen køyrde politibil.

Brannen vart sløkt på ein blunk. Eit brannhelikopter kom til og sleppte ned eit kjempebøtte med vatn, og BUFF!! så var dei brennande bildekka gjort om til ein graut av halvbrent utsliten bilgummi. Det var rein flaks at helikopteret hadde vore på desse kantar, for vi var enda ikkje komne til skogbrannsesongen. Gamledirektøren ligg oppe i lia med utsyn vidt utover, og no fekk helikopteret demonstrere kor nyttig det var med folk og hus og grender i mange prestegjeld som vitne. Helikopteret gjorde nokre ekstrarundar for å ettersløkkje og kanskje også for å vise seg fram litt ekstra.

Huset som dei kalla Gamledirektøren stod der og stod der, totalt uskadd av brannen, men elles heller vanstelt å sjå til. Og, altså, for ei storarta utsikt, der var herifrå! Beint nedanfor oss, nede i dalen, låg eit stort industrianlegg med lange rekkjer av høge plankestablar ikring. Ein stor lastebil køyrde sakte inn mellom stablane. Det var vel Høvleriet. Eit bruk av denne typen utvidar seg ikkje i høgda som ei maurtuve eller ei høgblokk, men må ha flate til å breie seg utover. Kvifor var huset her oppe ikkje framleis bustad for ein direktør på bruket? Og kvifor var ikkje byggefeltet plassert her på denne frie høgda i staden for oppe i ei mørk skogskråning?

Det kom stadig meir folk sigande. Ein eldre kar kom bort til meg og presenterte seg om bygdehistorikar, men eg oppfatta ikkje namnet hans. Han peikte ned i bygda og sa: "Det heitte lenge Glømre Sagbruk og Høvleri. No er namnet Glømre Trelast og er eit moderne industrianlegg. Men alt har sin pris," og no peikte han bort mot Gamledirektøren. "Moderniseringa gjekk for fort og hardt for seg for gamle direktør Cato Haug-Hamset. Det var han som grunnla bedrifta og fekk fart på ho, men nye tider viser ingen nåde. Haug-Hamset vart tvinga til å gi opp. Ein tragisk død som skulle ha vore unngått."

Bygdehistorikaren peikte igjen bort mot Gamledirektøren: "Huset der er i ferd med å bli ein samtidsruin, men er ikkje berre eit vitnemål om at tida går sin gang. Huset står der og vitnar om korleis eit moderne samfunn skubbar frå seg ansen og ansvaret for å akte på og syne respekt for si eiga historie."

Han såg ut i lufta: "Men heller ikkje Glømre Trelast kan vekse inn i himmelen. Bruket finn ikkje same opne marknaden for seg lenger, og leiinga har varsla at arbeidsstokken må reorganiserast. Det er uro mellom dei tilsette, og konfliktar kvesser seg til."

 

5.

"(...) Derimot har vi hatt mange bølger. Eller for å bruke et latinsk ord: Vi har hatt konjunkturer, som f.eks. gjorde at vi i 1920-21 hadde en tømmerpris på over seksti kroner kubikkmeteren. Skogens folk tjente godt og var glade. Men så, i 1922-23, sank prisen til omtrent tyve kroner. Dermed ble det svarte elendigheten både for dem som arbeidet i skogen for andre, for skogeierne, og for dem som var både bestyrere, huggere og kjørere i egen skog.

De kranglet litt da, ved Randsfjorden og enkelte andre steder, slik skogshestene gjorde det når det bare var litt sengehalm igjen i krybbene.

Like før krigen ble det gode tider igjen. Men noe måtte man jo ha å krangle om da også, og så tok de fatt på skogbehandlingen. Det var bestands-skogbrukets fødselsveer. For nå hadde vi fått både skogdirektør, fylkesskogsjefer, fylkesskogmestere, herreds-skogmestere, og aller nederst på den lange rangstigen, herredsblinkerne, som laget hugstflater og tynnet etter tabeller - og fikk kjeft. Ja, for dette kunne ikke folk gå med på. De fleste protesterte like til Vårherre bokstavelig talt grep inn og tydelig viste at han holdt med skogoppsynet. Han begynte å herje i gammelskogen med sine egne "flatehugster"; noen skogbranner her og der når lynet hadde slått ned, og veldig stormfellinger der han la den grove skogen flat over hundrevis av mål i slengen. Der ingen andre metoder dugde, sendte han P. Chr. Asbjørnsens barkbiller for å ordne opp. Det var et språk som alle forstod."

 

6.

Ikkje lenge etterpå var vi atter samla alle fire i Elgvegen 8. Lene Margrete ville utsetje å formelt skipe det påtenkte kollektivet Hjartesola. "Vi får vente til det byr seg eit nytt høve med god tid og den rette stemninga," sa ho. "Det er viktig at vi igjen får samle sinn og tanke og gjort ei skikkeleg avrøysting med kvite og svarte steinar, før vi held ein ordna seremoni."

Den nye grillen som ho og Magnvald hadde kjøpt på bensinstasjonen i går kveld vart ståande utan at gassflaska vart montert og kopla til. Både Dyveke og Lene Margrete måtte straks i veg til ein avtale med lensmannen, ein avtale som var komen på i hast.

"De har kanskje fått med dykk at det har vore to slike påsette dekkbrannar på ei vekes tid her i området kring Glømre Bygg og Trelast," hadde han sagt.

"Skal eg seie at The show must go on?" sa Dyveke med det same ho og Lene Margrete skulle ut i bilen. "Nei, uff kva er det eg seier. Gløym det! Gløym det! seier eg."

"Prest og lensmann må ta mange tunge tak på samsen," sa Lene Margrethe og peikte opp i veret med peikefingeren.

-----------------------------------------------------------------------------

Forrige kapittel      Neste kapittel

For tilbakemelding: enok@kippersund.no

  Innhaldsliste

Kjelde for bildet øvst på sida. www.adressa.no

Diktet "Bokstaveleg" er av Brit Bildøen, frå samlinga "På visse tider av døgnet", Det norske samlaget 1994

Det siterte tekstutdraget er frå: Edvard Elsrud: Krestaffør og jeg. Fra tømmerskogen i gamle dager -  Grøndahl og Søn Forlag A.s, Oslo 1982

16.08.09

     Hugen