|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald av Enok Kippersund Kapittel 15 7. Det ropte igjen ute frå gata, - nei, det ropte ikkje så høgt det var råd med andpusten stemme, no kalla det i ein roleg og høfleg tone. Ho som stod der utanfor den lave hekken og vende seg til oss, var den same som hadde fått oss til å leggje i veg som brannkorps til Gamledirektøren for eit par timar sidan Som da ho ropte rundt seg tidlegare på føremiddagen, stod vi også no på terrassen. Vi bad ho kome innanfor hagegjerdet og opp dei tre-fire trappestega opp til oss "Uff, ja det er altså meg igjen, det var eg som ropte om hjelp, og takk for at de var heime og høyrde at eg ropte." Ho presenterte seg som Hendy Sandset og ville ha oss med heim til seg borte i enden av gata: "Ja, det er meg igjen. I dag eig eg ikkje folkeskikk. Kan de ikkje kome bort til meg ein liten tur, no med det same! Så kan vi ete og prate litt. Det gjeld altså Gamledirektøren og brenninga av dei gamle bildekka." Ho såg på meg: "Kjenner du meg igjen?" Eg såg og såg på henne, ei jente i min eigen alder, mørkt krølla hår, burgunderraud allversjakke og velbrukt arbeidsbukse av typen "bukse, felt" kjøpt på overskotssal i Forsvaret. Nei, eg måtte berre smile forundra og riste skuffa på hovudet. Ho forklarte: "Eg var på eit kaos-kurs som du hadde i Danmark for nokre år sidan. Dette her har litt å gjere med noko som eg prøvde å forstå den gongen." "Oj, etter brannalarmen blir eg utsett for eit lynnedslag!" forfjamsa eg meg til å seie. "Gi meg fem minutt og så skal både gassprimus og gassgrill vere under oppvarming," prøvde Magnvald. "Då kjem berre brannhelikopteret med ei ny vassbytte, ver du trygg!" knipsa Hendy Sandset. Vi som er på bryllaupsreise på kaosbillett, sa sjølvsagt ikkje nei, og rusla saman med henne bortover den folketomme gata til der ho budde.
8. Kaos-kurs i Danmark, hadde Hendy sagt. Dei fleste vil ikkje satse på kaos, men eg hadde altså blitt fascinert og fått blod på tann. Kaos er ein eventyrleg ressurs som vi må bli meir positive til, og vi må i alle fall gi kaos ein større sjanse i våre liv. Stengjer vi kaos ute, bli vi sitjande fattige igjen, og det er vår eiga skuld. Vi skulle ikkje gå til kamp mot kaos, eller nekte oss nytten og fryden og gleda vi kan ha av kaos. Men, sjølvsagt, kaos går langt utover grensene for vår kapasitet og forstand, og kaos krev respekt. Kaos er totalt gjennomgripande i heile vårt tilvære, og vil by oss meir enn vi nokon gong vil få magemål til å fordøye. Kaos som er så kjempesvært og enormt må vi forsyne oss av med ei teskei. Ein svensk diktar sa at for han var å dikte som å nærme seg Niagara og rette ein kopp inn i vassmassene. Koppen vil ein aldri greie å fylle, for dei fallande vassmengdene slår sjølve det meste av vatnet ut att av koppen. Det kan bli vanskeleg nok å ikkje misse heile koppen! Du kan for den saks skuld prøve det same med å fylle koppen frå ein hageslange som står på for fullt trykk. Poenget for diktaren og for oss alle er at når vi kjem i kontakt med kaos som er nådelaust veldig, unner kaos oss alt vi berre vil ha, men vi har kapasitet til å hente berre ein liten skvett i koppen vår, ein liten smule til å fare heim att med. Det magiske, eller underet ved kaos, er at om vi respekterer og ansar på denne vesle skvetten, så eig vi ein stor rikdom. For oss alle er det berre å skrive i veg, bok etter bok.
9. Som føremiddagsmat hos Hendy Sandset fekk vi godt brød, sardiner i olje, hardkokte egg, ein himla god gammalost, heimelaga solbærsyltetøy, vintereple og vassmelon. kaffi og te. Sjølv drakk ho saup og spurde om det var noko av oss ville ha. Magnvald og eg takka ja, må vite. Det var berre å klemme i seg av alt som var, så mykje vi berre ville ha. Eg hadde kjent igjen bildet som hang på veggen: ein stjernekikkert med stjernehimmel over. Hendy strålte: "Ja, postkortet med stjernekikkerten som vi fekk som eksamensbrev på kurset ditt, skaffa eg meg i forstørra format, og kan det passe betre enn på eit kjøkken, sjølve navet i kvardagen!" Eg kom aldeles på grinen, og Hendy fekk tårer på kinn, ho også. Klemmar og hiksting og latter. Hendy pussa brillene sine: "Kan nokon begripe og forstå at eg som er gift med ein optikar og stjernekikkar aldri skal få briller som eg kan sjå skikkeleg med?" Optikaren, som heitte Aksel, var for tida på astronomsamling i Tyskland. "Dei er ein gjeng som gjerne vil treffast når dei får det til å høve. Denne gongen var det ikkje snakk om halde Aksel att her heim. Dei skulle ha føre seg historia om den norske oppfinnaren C.H.G. Olsen som var ein hjallis å lage kikkertar og landmålar- og navigasjons instrument og mykje meir. "Men, høyr no!" sa ho med med vekt. "Aksel og eg har nøkkel til huset der oppe, til Gamledirektøren. No satsar eg på at de kan vere med ein tur dit opp, for der er både ting som eg vil vise dykk og ting å snakke om. Eg er der så å seie dagleg. Da eg skulle oppover i dag og fekk den svarte røyken mot meg, hadde eg ikkje betre vit enn at eg utan vidare var sikker på at det var huset som brann. Eg vart altså så redd og fortvila! Sette på sprang ned att og ropte det eg var god for." "Var du der oppe då helikopteret kom?" spurde Magnvald. "Ja og nei," svarte Hendy. "Eg låste meg inn i Gamledirektøren gjennom døra som er på baksida utan at nokon såg det og gøymde meg der inne mens verste sjauen gjekk føre seg utanfor." Ho såg på oss og rista på hovudet: "Sjølvsagt heilt tullete av meg. Og så lurte eg meg til å ta bilde av folka og brannen innanfrå, gjennom vindauget. Hadde noko sett meg, hadde det for så vidt ikkje gjort noko, men eg fekk no i alle fall eit par bilde som er meir enn gode nok til mitt føremål." Ho såg på oss igjen: "Okey, eg er ganske sprø, av og til, men eg har ikkje gjort noko kriminelt. Det var dagens kaosøving, Berly! Eg heldt fram koppen min under fossen, forstår, du." Hendy latterhiksta og vart alvorleg igjen: "Men, de blir med opp og ser, ikkje sant? Kom, så går vi! Og: No må eg ikkje gløyme kamera! Og, bra, der er brillene!"
10.
11. I huset til Hendy og Aksel var det ikkje vegg mellom kjøkkenet og stova, ein anretningsdisk med skap over markerte ein saumfri overgang, eit ope grenseskilje. Der inne stod eit piano, og eg tenkte: "Skal tru Kåre Utbakk er innom også her og spelar og syng om sin veg til himmelen langt langt borte?" Inne i stova stod det også ei stor leikegrind på golvet. Oppi grinda låg der gjennomsiktige plast øskjer med skruar og metalldeler og små kasser, svarte rør, hylser og holkar, - nokon tjukke, nokon grannare, - og eit verktyskrin. På stovebordet stod ein bordvev og eit instrument som visst var eit mikroskop.
----------------------------------------------------------------------------- Forrige kapittel Neste kapittel For tilbakemelding: enok@kippersund.noKjelde for bildet øvst på sida: www.nysgjerrigper.no Tekstutdraget om stjernekikkerten på "Kikerthaugen" er frå:
28.08.09 |