|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald av Enok Kippersund Kapittel 17 14. Hendy tok oss med opp i andre etasje i Gamledirektøren og låste oss inn ei halvtom leilegheit, på same måten som salen i første etasje meir likt eit sjusket og plyndra lagerlokale På golvet var det ein masse med pappkartongar som var lukka med teip eller kraftig hyssing. Eit bord og ein stol, ei tom seng og ei tom bokhylle. "Direktør Cato Haug-Hamset lever altså ikkje lenger?" sa eg. Hendy tok ein innpust før ho svarte: "Det er akkurat det som spørst, ingen kan vite noko sikkert. Somme er sikker på det eine, andre seier at han har reist til utlandet og gøymt seg vekk. Og mange andre ville teoriar. Det har vore leitt i vår eigen skog her ovanfor huset og innover åsen, men det er rein villmark som verken er til å ta seg fram i eller leite i. Det har vore sokna i elvane, synske har kome med sine forsøk. Han vart borte for snart tre år sidan. Barnlaus enkemann med ei namnlaus søster i Amerika eller Kanada og ein bror som ikkje kom heim att etter krigen. Kven skal eigentleg bry seg med å leite og finne ut? Mannen hadde ikkje gjort noko gale, og ingen vil be så veldig innstendig om at politiet må leggje seg i selen." Hendy peikte rundt på kartongane: "Det var han sjølv som pakka ned alt dette. Nokon seier at det var eit gammalt flyttelass som han tok med seg vidare hit opp. Han var ein einstøing, - ja, han var det, - men like fullt ein topp utdanna forstmann. Hans idear om å foredle skog i tolmodig samarbeid med naturen hadde stort gjennomslag ei viss tid. Han forska og skreiv om metodane sine. Andre er sikker på at kartongane inneheld verdifull lokalhistorie. Han var ein flink fotograf og arbeidde systematisk med å registrere både naturmiljøet og kulturhistoria. Kven veit, kanskje her også ligg ei flott frimerkesamling, og han var ein flink knivsmed. Nokre av kartongane er svært tunge. Men, altså, ikkje råd å nekte for at han ikkje var heilt god å bli klok på. han ville ikkje vere med verken i sokneråd eller losje." Eg føyste forsiktig vekk støvet frå den eine stolen som stod der og sette meg. "Og du?" spurde eg. "Nei, eg. Du kan så seie!" sukka Hendy. "Dette huset kan jo bli ei perle. Eit aktivitetssenter, eit kunstgalleri, eit kollektiv, eit museum. Aksel og eg vil gjerne kjøpe huset til heim og kontor, observatorium og fotoverkstad. Men det finst jo ingen som juridisk eig huset og kan selje det! Det er eigentleg berre halvferdig. Han grøfta og steinsette for grunnmuren for ei utviding. Vi er tre personar i lokalhistorielaget som har fått ein slags avtale om å kunne låse oss inn og sjå litt etter så huset ikkje aldeles går på sjølvstyr. Men sjølvstyret og forfallet let seg ikkje stoppe med eit liksom-ansvar som ikkje har fem øre å hjelpe seg med." "Kva var det som skjedde?" "Han var styrar for den gamle allmenningen og saga. Etter kvart tok han kontakt med dei to allmenningane som grensar opp til denne. Det var semje om at alle tre var litt for små, og på frivillig og demokratisk grunnlag slo dei seg saman. Han vart direktør, og han var eit arbeidsjern av den typen som hadde sovepose på kontoret. Han hadde ikkje mykje tid til å vere her oppe. Så skjedde det under ei synfaring at han kom for nær ei fellingsmaskin og venstre arm og venstre fot fekk ein skade. Ikkje verre enn at han kom seg bra til att, Men når katten er borte dansar mysene på bordet, og no snakkar vi om verkeleg stormannsgalne skogmus som gjekk bananas på børs med den nye fellesallmenningen. Vips hadde ein storinvestor overtatt heile bruket. Da Cato Haug-Hamset var klar til å halde fram i stillinga, vedtok styret at han skulle vere frittståande vurderingskonsulent i firmaet. Det verka på same måten som i ein sminka diktaturstat der det var ein stol for lite rundt bordet og tidspunktet for møtet var sett ein halv time for seint i sakspapira som han fekk. På bruket var det gode tider, fleire fekk arbeid og folk syntest den nye leiinga var dynamisk og framgangsrik. Leiinga investerte i ny teknologi og la seg i sak mot fleire nabokommunar fordi bruket ikkje fekk kjøpe meir skog til å mate dei nye maskinene med. Så kom tilbakeslaget, og folk fekk permisjonar og oppseiingar. Ufaglært ungdom hadde vore ei god arbeidsreserve å fylle på med, men no vart dei dei første som måtte gå. Du høyrde kva ungane i barnehagen sa: No brenner dei bildekk for å få tilbake jobbane sine." "Kva tenkjer du?" spurde eg. "Eg er i ferd med å miste all von og bli heilt utmatta," slengde Hendy utor seg. "Dette landet er jo elles fullt av hus med ròtskader og dårlege tak som står med stengde dører og der det er lempa inn plastsekkar og nedstøva kartongar med "historisk materiale"." Hendy heldt inne, men kom igjen: "Eg skal seie kva eg har begynt å tenkje, og som eg aldri hadde tenkt eg skulle snakke om: Det er kanskje det beste at nokon ikkje berre brenner bildekk på marka utanfor huset, men like godt nører opp og får svidd av heile kåken. Det ville enkelt og greitt løyse svært mange problem, ikkje sant?" Så nesten ropte ho: "Men alle bilda eg har tatt, dei har eg!"
Forrige kapittel Neste kapittel For tilbakemelding: enok@kippersund.no
26.09.09 |