Petrus på djupt vatten - 1

I dag fekk eg altså telefon frå Dyveke og har snakka også med deg, kjæraste Berly. Og så har eg henta fram ei ny skrivebok av den sorten som du kjenner frå før, og her sit eg og begynner å skrive til deg. Du veit, eg prøver å ta det alvorleg, dette at eg skal vere reserve-mamma for deg. Eg, den bortrømte svenske-pastoren Elsa Charlotte Nager, som følgde min kjære ingeniør-ektemann Edward over grensa til Noreg og "ope eksil" her i Paradis Malve. Kor mykje eg kjem til å skrive, og kva tid eg kjem til å gi deg boka, får vise seg. Dagar vil kome, må vi tru.

I går natt drøymde eg om deg, og eg husar den korte draumen tydeleg og klårt: Eg stod under eit tre, som kanskje var ei plometre? Du var oppe i treet og heldt på å drage deg ut på ei lang grein som bøygde seg  under vekta di, heilt ut til den grannaste og mjukaste enden av greina var du komen. Du såg ut som ei plomehulder med grønt hår og med lauv kring hovudet der du stakk fram som om du sjølv var ein del av treet. Du strekte deg alt du kunne framover mot den ytste siste tynne delen av greina, og i handa hadde du eit gammalt ljåblad som var rustent og ikkje noko bit i. Du låg vanskeleg til for å få til å skjere, og da du endeleg greidde å få ei klossete styring på det sløve ljåbladet, så var handa di kraftlaus og den tynne greina bøygde seg unna og ljåen berre gleid langsetter borken i staden for å skjere. Da sette eg i til deg: Berly, bruk kniv!

Eg blir sjølv forundra over at eg i denne draumen ikkje blir redd for at du skal dette ned så dumdristig og toskete du oppfører deg. Både du og eg veit av eiga røynsle at ein aldri skal stole på eit plometre! Klatrar du i eit gammalt viltveksande plometre, er det som å klatre i ein kaktus med piggar. Og best det er, sviktar fotfestet, heile greina brotnar eller flekkjest av frå festet i stomnen. I dette treet som står og gjer seg brei og stor og sterk, er kan veden vere både seig og hard og like sprø som nattisen på ein sølepytt. Du har mange gonger høyrt om den gongen Edward ramla ned og braut foten. Og så var det den gongen du sjølv dunsa i bakken som ei overmoden kjempeplomme. Du fekk vondt, både av dei harde greiene som rispa deg og du datt så det sokk i marka. Der sat du beint på bakken og hylte og hylte. Rusken var der også og gav seg til å hyle saman med deg. Dei gamle plometrea her på bruket er borte dei fleste, men eit stort står att enno og er eit einaste virvar av krokete greiner og spirekraft.

Elles må eg tenkje på kva du seier av og til: Viss vi ikkje vil ende opp som firkanta A4-typar, må vi halde kontakt med kaos og sleppe det innpå oss med fritt forsett. Men ikkje late oss sluke av det! Viss ikkje vi held ein vilja og vaken kontakt, turkar jordsmonnet vårt opp og blir tatt av vinden. Dermed blir vi ståande som eit tre som kanskje er veltrimma og anstendig nok, men ein dag går vi i bakken i tusen knas som eit stivna og beintørt skjelett.

Sånn er livet, seier du. Men i draumen er eg visst ikkje sikker på om eg kan følgje deg.

Vel, no skal vere med Edward på ein vaktmeisterrunde. Eg skal halde stigen mens han går heilt opp i nokre takrenner og skal reinske for rotnande lauv

3.nov. 09.

Innhaldsliste     Hugen