|
Petrus på djupt vatten - 4
Skarp kniv og tung stein |
| Kjære, unge
medkvinne! Kva er dramatisk? Mykje dramatikk er ikkje dramatisk, eller var det det? Mykje er heilt udramatisk, men etter ei tid kan det vise seg å vere dramatisk nok. At pærene som ikkje let seg plukke ned, med eller utan stige, - at desse uplukka pærene heng der og heng der, og så dett dei ned sjølve, er både dramatisk og ikkje dramatisk. Dei følgjer ei naturlov, som vi kjenner, om at når dei er modne, så ramlar dei ned. Vi kan sjå på det som ein fødsel, som sanneleg er dramatisk nok. Pæra er frukta til treet, og inne i frukta ligg frøet som skal spire og slå rot og vekse opp til eit nytt tre. Eg får ein tanke om at det nye treet er ein overgang til ei ny livsfase med det som kan melde seg av uro og krise. Eg har fått det føre meg at eg til så lenge berre får hengje høgt der oppe i lyset og svaie for meg sjølv i ei tynn grein, gjere meg godt av sola som kan modne meg - og så, når tida er der, dette ned, kome i mål og døy som frukt for å gå inn i ei ny livsfase. Da Edward og eg kom og slo oss til her på Storvatn, den gongen tenkte eg at eg var ei pære som skulle bruke kanskje mange år på å modnast, og så håpa eg å få ei skapleg avslutning på mi pærefase. Her skulle eg gå og stulle og stelle som innleigd husmor og reservemamma, og ved sida av pusle med lesing og skriving heilt til ei ny dør opna seg. Men kva skjer? Døra har ikkje opna seg, eg har møtt veggen. Dei kjære avskriftene mine som eg har lagt mykje flid og kjærleik ned i, dei skal eg verne om og halde i akt og ære. Dei tener nok helst som dørheller til å setje seg på. Det er nyttig og koseleg med dørheller, men fører dei deg vidare? Eg har håpa og håpa på ein døropnar, ikkje ein stabel med dørheller! Du veit at eg hadde med meg den vakre hella heimanfrå og som vog tungt i flyttelasset vårt: Fjällhöghella. Ho har hatt sin plass her i ein krok på kjøkkenbenken her på kjøkkenstova, og det er godt å lette på henne av og til, late att augene og kjenne etter med hender og fingrar. Det skjer at eg legg Fjällhöghella på golvet for så å leggje meg sjølv på golvet med heimlandshella som hovudpute. Du også har fått prøve å liggje på kjøkkengolvet her og kvile hovudet på Fjällhöghella, men det er berre eg sjølv som har sovna når eg låg slik. Vel, no blir det i alle fall eit opphald i helleproduksjonen av avskrifter, trur eg. Eg veit ikkje korleis det kjem til å arte seg vidare. Mest truleg er det berre eg sjølv som kjem til å merke at det blir ein annan fasong på avskriftene, koss no den nye fasongen, - eller dei nye fasongane, - kjem til å bli. Kanskje eg skulle øve meg på å løfte hella stadig vekk, og sjå om døra glir opp? No har eg altså skrive mykje om att og om att på den nye boka mi om å gå på vatnet, men boka blir berre meir og meir famlande, og prosjektet kjem til å ende med drukning. Ingen har fått sett manus, og eg har vore opprådd mange gonger. Edward fekk sjå noko som forundra han i dag, viss han ikke tilmed blei forskrekka. Det var ikkje meininga at han skulle sjå det, heller. Eg gjekk her på kjøkkenet og ville slakte gris i dølgsmål, for å seie det på den måten. Det var ikkje eine øyret mitt eg hadde tenkt å skjere av, men eg hadde viss planar med ein skikkeleg skarp slaktarkniv. Det gjekk til på denne måten: Manuskriptet la eg opp i det grøne plasttrauet, du veit. Oppå la eg eit grytelok av støypejarn så ikkje papira skulle begynne å flyte opp. Det er cirka 300 sider i A4-format og teksten er både på norsk og svensk. Den elektriske vasskokaren var klar med kokande vatn, og eg begynte å slå det dampande, brennheite vatnet opp i trauet. Det var akkurat nok til at heile manuset låg nedsøkkt. Edward kom inn. Eg trudde at han var oppe i huset ditt og såg etter musefellene. - Nei, kva er det du gjer? sa han. - Eg skal skrape bustene av manuskriptet. - No tullar du! - Eg har skjerpa den kvassaste kniven. - Lat meg få den kniven! - Eg vil ikkje sende ut boka berre for at ho skal bli slakta. No gjer eg det sjølv. Heimeslakt. - Du har lagt ned så mykje tid og arbeid i dette at du kan ikkje berre hive det frå deg. - Det viktigaste er alt eg har lese og lært mens eg har halde på med ho. Eg er blitt ein mykje flinkare prest. - Mange ventar og spør etter boka. - Det treng dei ikkje ta skade av. - Men du sjølv då. - Betre at ein forfattar slaktar sitt eige manuskript enn at ein skokk med kritikarar slepper laus og godgjer seg med eit slakt som dei har bestemt seg for på førehand. - Viss du skal rake ein slaktegris for busta, så skal ikkje heile grisen ned i vatnet. Når vi slakta heime slo bygdeslaktaren på varmevatnet berre i høvelege porsjonar. Han jobba som ein slags barber, bot for bot. - Eg gjer det som eg sjølv vil. No skal eg berre få på plass Fjällhöghella. Eg tok eit godt tak i steinhella som han og eg ein gong hadde hatt med oss frå det svenske folkhemmet, løfta henne over trauet og la henne ned på manuskriptet og gryteloket med eit plask. - Eit stunt, javel, sa Edward. - Vi lar det stå slik som ein installasjon til Dyveke kjem på besøket sitt. Men kva er det du vil fram til? At viss du vil gå på vatnet, så må du dragse med deg visdom så stor som ein tung stein? Skal ein helst ikkje dragse med seg noko som helst?
|
Engang mens rabbi Noah var hjemme hos seg selv, hørte han at en av hans elever leste trosartiklene i Studiehuset ved siden av, og han hørte hvordan han etter ordene: "Jeg tror med en fullkommen tro", brøt av og hvisket: "Jeg forstår det ikke!" Og ennå engang: "Jeg forstår det ikke!". Rabbien forlot straks sitt rom og gikk over til ham. "Hva er det du ikke forstår?" spurte han. "Jeg forstår ikke hva det dreier seg om," sa den unge mannen. "Jeg sier Jeg tror, men hvis jeg virkelig trodde, hvordan kan jeg da synde? Og hvis jeg ikke virkelig tror, hvorfor lyver jeg?" Rabbien svarte: "De to ordene Jeg tror er en bønn som betyr Å, at jeg måtte få tro!" I samme øyeblikk ble den unge mannen opptent av en indre glød. "Det er sant!" ropte han. "Det er sant! Å, at jeg måtte få tro, du jordens Skaper, å, at jeg måtte få tro!" (Frå Lengselens barn, jødiske visdomsfortellinger gjenskapt av Martin Buber.) «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: 'Flytt deg herifrå og dit!' – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk." (Mt 17, 20)
Troen er en gave fra
Gud. Tillegg oss endelig ikke den mening at vi selv
kan inngi oss den ved argumenter. De andre
religioner hevder ikke det samme om sin tro. For å
overbevise oss anfører de bare fornuftsbeslutninger,
som allikevel ikke fører frem. - Det er hjertet som
fornemmer Gud og ikke fornuften. Dette er troen: Gud
følbar i hjertet, ikke for forstanden. (Blaise
Pascal)
|
Du er velkomen til å kommentere eller å spørje om Berly-tekstane! Skriv til enok@kippersund.noHelsing Enok Kippersund |
Hugen Index til Berly-tekstane