|
Petrus på djupt vatten - 5
Med ditt Fadervår midt i dagane |
|
Kjære Berly linerleunge! - Hugsar du at eg har fortalt om Gudbrand? Den snille flittige unge mannen som kunne kome med litt spesielle og uventa innspel. Han var her på bruket to-tre veker og gjorde greitt arbeid med små reparasjonar i hyttene. Innimellom kom han med det som han kalla for "åndelegpraktiske spørsmål". F.eks. ville han ha eit bibelord for veka som skulle opp på veggen her på kjøkkenet i stort format, f.eks. i eit liggande A4 format på ca. ein meter gange halvannen. Og dette meinte han på absolutt alvor. "Det er veldig viktig å prøve ut idear," sa han. "Ideen er kanskje ikkje levedyktig, men tenk kva erfaring eit alvorleg forsøk vil gi deg. Og ideen bør få sjansen på ein første fase i ei utvikling. Å ikkje gå inn på første fase i ei ideutvikling, er med fritt forsett å så på steingrunn. Det er om å gjere å så i fullt alvor, og så vil ideen sjølv vise kva spiringsevne han har." Etter at han reiste vidare på sin veg, kjem det av og til livsteikn frå han i posten. Sist jul fekk vi ein sprukken sekk av skinn i julegåve. "God jul med ny vin i nye sekker," var helsinga. Eg trudde faktisk at han kunne ha vore ein type for deg, men du var ikkje heime. Du hadde fått eit ærend til Irland. (Men så langt kom du vel kanskje ikkje?) Og vel vel. Dette med å plukke ut fine partnarkandidatar for deg er jo det siste eg skal blande meg borti, men altså det var berre ein tanke: Han var din åndsbror av deg. Denne gongen sende han meg dette kortet, eit gratiskort som Posten gir til dei som vil ha:
På kortet skriv han: I nokre veker no har eg fått det føre meg å lese Fadervår fleire gonger i døgnet, både på dagtid og nattetid. Veit du, Fadervår, held på å bli heilt nytt for meg! Eg blir både overraska og glad, opplever ein stille fryd. Og det rare er at eg treng ikkje bale med å hugse at no eller no må eg lese eit Fadervår. Det kjem påminningar av seg sjølv! Det blir ofte lærerike og tankevekkande opplevingar ut av dette. I går f.eks. stakk eg innom opninga av det nye daglegvaresenteret METTE. Ein stad mellom hyllene fall eg i stavar og vart ståande i ein lyttetanke. Var dette ein katakombe? Det var stappfullt av folk som hadde late seg lokke av dei flotte opningstilboda. Da fekk eg ei påminning om lese Fadervår, og utkvild og roleg let eg bøna få ord inni meg. Plutseleg oppdaga eg kva eg stod og bad om! Kva det var? Jau: "Gjev oss i dag vårt daglege brød!" Der stod eg midt i eit proppfullt matfat som var eit par tusen kvadratmeter stort og bad om vårt daglege brød! Var ikkje det som om spørje etter sand i Sahara? Kva kunne gi bøna meining, som jo sant å seie kunne verka litt underleg med meir enn overflødig nok omkring meg til å gi meg mi mette ? Så det har eg tenkt på heilt sidan dette skjedde i går. Skal eg heller seie "Takk for vårt daglege brød"? Men det blir vel ikkje rett å gi seg til å skrive om på Fadervår? Skal sende deg kopi av eit stykke eg fann i ei bok. Eit viktig funn, trur eg at du også vil seie. Det sentrale ordet er "stillas" og du kan godt tenkje på stillaset vi sette opp saman på utescena. Så får du lese meir når brevet kjem fram! Ønskjer deg Guds fred og uro! Helsing Gudbrand
|
Du er velkomen til å kommentere eller å spørje om Berly-tekstane! Skriv til enok@kippersund.noHelsing Enok Kippersund
|
Hugen Index til Berly-tekstane