|
Brev 1
I førstninga av april.
Helsar dykk! På tide å gi eit livsteikn. Mykje har skjedd, men i dag får eg berre gå rett på. Magnvald og eg er glade og lykkelege saman i dette huset som vi spleiste på og kjøpte på samsen. Som dotter av far min er eg frå først av ei ferskvasskvinne, og eg hadde aldri tenkt at eg skulle forlate Storvatn og heile mitt eventyrlege barndomsrike, men no er det bølgjande saltvassbårer som utgjer det meste av utsynet som er mot vest. "Eit barndomsrike for ein tjeld," hadde eg tenkt ei stund, og ein dag sa eg det også, klårt og tydeleg, til trufaste Elsa Charlotte og Edward som hadde styrt med gard og grunn på vegne av mor og far og vore slike storarta reserveforeldre for meg. "Berly, Berly," hadde dei sagt i kor. "Ja," hadde eg svart og treiv etter handa til Magnvald. For to og ei halv veke sidan flytta vi altså hit ut i fjørekanten med tang og tare og glatte steinar og fisk og fugl. Og her ute var tjelden komen for over ein månad sidan! Han gjer meg så kvikk og glad og døyver sorga over Rusken som måtte vere att der han har hundehuset sitt. Magnvald kjem snart, og no vil eg berre i full fart skrive om ei bok som held på sluke meg. Eg får visst ikkje tid til å skrive om ho, kanskje eg skriv meir seinare, men eg rekk å sitere noko viktig. Høyr, då: "Det byrja ein vårdag, vedunderleg vakker, for lenge sidan, på ein hybel i Bergen, i ungdommens dagar i opninga, eller var det slutten? Kven kan vita det? Kven kan fortelja? Kven kan spenna ut eit svar mellom ytterpunkta, slutten av noko og byrjinga på noko anna?" Når Magnvald kjem, skal eg dra han med meg ut og ned på svaberget og så skal eg kviskre dette høgt for han og tjelden. Og snart er det festspel!
Berly, veit du |