Brev 2

 

I april.

 

Kjære Ann Charlotte og kjære alle saman!

Eg var aleine heime, som vanleg midt på dagen midt i veka. Sat der og såg utover dette mektige havet. Kor langt ser eg? Kor langt er det ut til der som eg synest det er ein ytterkant. Og så er det likevel slik at det er ikkje så veldig langt eg ser, og dette utsynet er berre ein liten snutt av alt det som er det heile havet. Og kva finst nedi kavet! Om natta marmar det heile tida, men ikkje slik som elva heime, som er ei meir masete uro, meir som ei prating. Havet er myndigare, - havet pratar ikkje, det har ei bør på seg som det må bere og bere heile tida. Eg blir liggande mykje vaken og lytte, og blir sliten, - enda er det så mykje som er nytt her ute, men det skal nok gå seg til.

Det banka på døra, på hi sida av huset. Det var første gongen det banka på etter at vi kom flyttande. Så forstod eg: Det var tjelden! No stod han der i den svarte og kvite smokingen og pikka på døra vår med det lange raude nebbet. Eg banka ned i bordet med knoken på høgre peikefinger og prøvde å herme etter lyden. Eg har banka på mange dører. Ein gong var det jobben min å gå frå dør til dør og banke på, ein og fleire gonger i kvart hus. Ikkje alltid kom det nokon og opna. Eg måtte skifte på kva knoke og hand eg skulle bruke, for eg er tynnhuda og begynte å blø. Det var tøft nok, men eg er stolt og glad for at eg fekk prøve meg som dørseljar.

Det banka ein gong til, og eg forstod at eg kanskje hadde gjort tjelden urett. Han brukar vel ikkje det lange raude nebbet til å hakke og banke, men heller til å grave og plukke med. Får ta og sjekke det i fugleboka. Det var heller ei kråke som banka på døra, om det ikkje var sjølvaste hakkespetten.

Mannen som hadde banka på heitte Markus Fischer. Han er pianostemmar og har annonsert i lokalavisa. No var han her. Han gav seg god tid med det gamle pianoet vårt. Etterpå takka han ja til ein kopp kaffi og eit rundstykke og to.

Eg fortalde kva eg hadde tenkt om tjeld og kråke og hakkespett.

"Ja visst," sa han og gjekk bort til pianoet der han ikkje hadde sett på plass den store plata i fronten over tangentane. "Sjå her, pianoet er jo eit slags hakkebrett."

Han spelte litt med eine handa og viste korleis dei små hamrane spratt opp og slo på dei ulike strengene. Det var som det gjekk bølgjer gjennom rekkja av hamrar.

"Vi som ikkje har ringeapparat, får skaffe oss ein dørhammar," sa eg.

"Du vil ikkje prøve ei klokkesnor, då? Då er det eit lite handtak attmed døra til å dra i, og frå handtaket går det ei snor gjennom eit hol i veggen og inn i huset til ei bjølle som ringjer når nokon dreg i snora."

Elles fekk han meg til å kjøpe ein CD.

"Du som bur kloss ved havet, korleis vil musikken til Erik Satie kjennast?"

Da han hadde fått på seg ytterjakka, såg eg at blikket hans streifa sjakkbordet som Magnvald og eg alltid har ståande framme.

"Men ikkje set på denne musikken når de skal spele sjakk. Det vil bli som når to stjernesystem skal dele same himmel."

Sa pianostemmar  Markus Fischer, fekk betalinga si og takka for seg.

 

Berly, ved pianoet


Om Satie-konserten på høgskulen i Volda: http://www.hivolda.no/index.php?ID=1&lang=nyn&displayitem=2741&module=news

Kjelde for bildet på toppen, av Erik Satie: http://www.af.lu.se/~fogwall/jpg/harmon.jpg?33,61

Viser også til den store heimesida for Erik Satie: http://www.af.lu.se/~fogwall/satie.html

 

 

Hugen                 Brev frå brettet