Brev 3

     
     
     

 

Kjære Marion!

Eg tenkte det skulle vere råd å kjempe mot min eigen skugge om han kom til å vise seg, og jage han så langt bort at han aldri meir ville vise seg.

Det skjedde på Storkorga, kjøpesenteret vårt som til vanleg går for Korga, og ein variant er Korea. Eg var inne på avdelinga der dei har malinga. Maling må eg alltid ha i huset, for når veret er godt og arbeidslysta melder seg, skal det vere kurant å ta seg ei økt med malarkosten. Det er alltid ein vegg som treng eit nytt strøk, eller ein vegg som eg har gått ifrå halvgjort, og snakk ikkje om glaskarmar og dører! Så, altså: Eg må ikkje gå tom for maling.

Da høyrer eg ei stemme: "Sjå der, ja, der er ho som enda ein gong flaug ut av reiret og let ansvaret liggje att aleine etter seg."

Spør ikkje meg om korleis han hadde funne vegen til min nye kant av verda, men det var altså Ruben Fjordmann, min gamle skugge, mitt spesielle klistremerke. Du hugsar dette knusande alvoret hans etter ulykkene han har vore ute for. Han vil ikkje ei fluge fortred, for han veit berre at det er han personleg som er den eine fluga som vart utsett for all fortred som i verda finst. Han er så djupt nedsokken i sin eigen motgang at han tenkjer høgt i hytt og ver utan sensur og utan forstand på kor fortvila han kan gjere folk.

"Dra deg vekk!" kvesste eg i til han. "Lat meg vere i fred!"

"Du snakkar akkurat som bortskjemde jentungar alltid gjer," yppa han tilbake. "Heime sleppte du rett ned alt du lest som du var i kave for. Husa, eigedomen, alt som skulle skje i firmaet ditt. Og så plutseleg berre stakk du, igjen, - ny kjærast, nytt hus, ny adresse. Og av alle ting er du ute og kjøper maling. Ja, du treng mange spann for det er mykje som treng å malast over og pyntast på."

Nei, no tullar eg altså, - du forstår det, ikkje sant, Marion! Ruben Fjordmann skal ikkje ha skulda for ein einaste ein av desse dumme tankane. Det er eg sjølv som slepper taket og gir meg til å trakke rundt i ring sur og svartsynt. Han var berre mild og blid i praten med meg, skikkeleg mild og blid. Eg trur at Hallbjørg rett og slett har berga han opp frå hengjemyra og gitt han fast grunn å stå på. Mi eiga hengjemyr veit eg kvar eg har, og eg må prøve å ikkje vere så snar til å vasse uti.

Koss det gjekk? Ruben og eg kom i hyggeleg prat. Han fortalde at han og Hallbjørg begge to har selt gamlehusa sine og har gått saman om å kjøpe seg eit hus dei har sett seg ut ikkje så langt herifrå. Og eg fortalde at det går bra med Magnvald og meg, og eg bad han helse. Ruben og eg hamna ved eit bord inne på konditoriet og spanderte kaffi og kake på kvarandre. Kaffifløyten var begynt å bli sur, men - pytt! pytt!

 

Klem frå Berly (som får hjelp med å grunne nordveggen av den kjekke gullmannen sin som er den beste i heile verda, han snille gode flotte nydelege herlege Magnvald)

Hugen             Brev frå brettet