|
Brev 04
Slutten av juli
Til Simon Sylveid, Storgata 12, 2344-7 Grubvang Hei Simon! Det var veldig spennande at du ville skrive ei særoppgåve om kaos-forsking, og så vart eg både smigra og skremd når du ville ha meg til å gi deg råd og hjelpe deg i gang. Så spørst det om eg greier å stoppe deg når du først har starta. Vi kan begynne med to øvingar. Her gjeld det at du ikkje prøver å vere "flink" og "få det til". Øving 1: På ein papirlapp f.eks. så stor som eit prospektkort (eller mindre eller større) skriv du desse orda: smulane på fatet Skriv så vidare det som du kjenner fell deg inn eller som du har lyst å skrive. Gi deg tid og skriv gjerne litt no og litt då, kanskje om morgonen eller om kvelden. Ikkje visk ut noko, ikkje stryk over noko. Øving 2: Denne øvinga kan vi kalle "Leit!" Finn deg eit vanleg plastnett frå daglegvarebutikken. Så tar du deg ein tur ut i det fri, etter vegen eller i skog og mark. Når du finn noko som du kan ta med deg, putt det i posen. Ver forsiktig med glasbrot og metallskrot, - lat det gjerne liggje? Ikkje sjå etter noko bestemt, noko du gjerne vil finne, men hald augene opne for alt som kjem i din veg, smått eller veldig smått eller stort. Turen kan vare ein times tid. Når du kjem heim, legg du innhaldet ut på marka i hagen og finn ein måte å arrangere tinga på. Prøv deg fram! Skriv så ei liste over tinga, gjerne med ein kommentar. Svara dine på desse to øvingane kan du så sende til meg, kvar for seg eller saman. Vi kan jo seie at sidan vi er på slutten av ein månad kan du prøve å få dette i veg i løpet av neste månad. Men er du klar å sende det ganske snart, så berre kom med det. Viss du får tankar og idear mens du driv med øvingane, så skriv du om det, viss du vil og så mykje du vil. Det du vil halde for deg sjølv, skal du halde for deg sjølv. Lykke til! beste kaos-helsing frå Berly E.S. Akkurat i dag skal mannen min og eg prøve oss etter blåbæra. Det er usikkert koss det blir med bær, men at vi kjem til å finne litt av kvart, er heilt sikkert! D.S. 22.08.08 |