Brev 05

 

God morgon, Elsa og Halbjørg!

I dag har broder Kropp ei god stund. Magen har funne freden, ein fred som sveller sakte og lunt utover systemet - til skuldrer og kne, til hofte og nakke, - og krossryggen og ryggsøyla blir tekne med i helsebota. Morgonsola fløymer. Gjorde eit heldig sjakktrekk her i stad som eg ventar meg noko av. Berre det ikkje viser seg å vere eit pladask tabbetrekk. Det kan fort skje. Rognetreet får mykje bær i år. Og no begynner raudfargen å kome. Dei heng høgt, men eg når lett opp til dei lavaste. Sure kjem dei sikkert til å bli i år også, sure på rognebærmåten. Ver så god, Ivan Svarttrost: Snart er det berre å forsyne seg!

Men det er ikkje alltid slik. Det skifter med flod og fjøre. Ute i synsranda, så langt og vidt ut over havet som det er råd å sjå, stiller dei seg opp, eit skip her og eit skip der. Utklipte figurar utan fart og utan tonnasje. Eg har visst ikkje anlegg for å sjå at dei faktisk flyttar på seg. Eg veit at slike skip har store maskiner og går med bra fart. Neste gong eg ser utover, ser eg igjen eit skip her og eit skip der, men er det skipa frå i stad? Dei ser ut som spelebrikker i silhuett, brikker som blir flytta umerkeleg, like smått som veslevisaren på eit armbandsur.

"Skulle vi skaffa oss ein kikkert?" spurde Magnvald hin dagen.

"Ja, er ikkje det plikta vår, når vi bur slik som vi bur?" kom eg på. "Men elles er eg ikkje sikker lenger om eg har legning for å bu ved havet på denne måten. Eg strevar med å få bakkekontakt."

Vi lo begge ein rask latter: "Bakkekontakt med havet! Haha!"

"Men, Berly, vi er da berre så vidt flytta inn. Og noko som er nytt, må få vere nytt ei stund, - ja, før du veit om du trivst, du må venje deg til, det er ikkje berre å gå beint på og så skal alt vere berre stas. Det veit no vel du mykje om, du har da flytta og reist ein god del."

"Det er noko som heiter sletteangst," sa eg. "Veit du om det er noko som heiter havangst?"

Magnvald reiste seg, han hadde tatt eit oppdrag for eit ventilasjonsfirma og var seint ute. "Neste gong eg er heimom skal eg hugsa å ta med ein kikkert som eg trur eg har liggande," sa han.

"Heimom?" spurde eg.

"Ja, kva skal eg elles seie?" 

"Og eg gløymde lupa mi da vi pakka oss i veg," sa eg. "Eg sakna ho i går då eg fann eit halvknust egg. Men skalet var fint enda, til å sjå på."

Magnvald måtte berre fare. "Dette vart ikkje heilt på rette måten. Vi får ta det igjen, i kveld," sa han midt i klemmen. "Eg skal sjå om eg kan få tak i fersk fisk til middag og noko smellgodt til dessert."

Så fór han og hadde det travelt da han starta bilen. Og den gode freden djupt i meg, slo seg ikkje lenger til ro heime denne dagen. Ein ny tanke kom ivrig springande: "Eg sakna Rusken, hunden min som var ei  perfekt blanding av buhund og elghund og som eg hadde oppdradd både til å vere lydig og til nytte og til å vere bortskjemd.  Koss ville han ta det om han vart flytta hit ut, han også?

 

Vemod, du bor i skogen rundt, utenfor

huset, gjennom sprekker i de glisne

veggene, under vinduskarmer, siver du

inn, om natten, huset gløder metallisk

av din vind. Natt etter natt, du stryker

de ventende, våkendes kinn, de tar

til takke. (Hanne Bramness)

 

Kjære dykk, stor helsing til dykk begge to!!

Berly

E.S. Har lyst å seie: Ver så snill å brenne dette brevet når du har lese det. - "Burn After Reading"  - Men, nei, ikkje gjer det! D.S.

 

28.08.08

Hugen             Brev frå brettet