Brev 06

September/Oktober i krystallåret

 

Kjære dagboka mi!

Her er noko som

kjem på mjuke poter og

streifer kinnet pustar i øyra

nappar eit ord

noko som tikkar i dagane

gneg gjennom nettene

noko som kjem

og blir

borte

 

I går ettermiddag skjedde det. Eg var ute og stega mine somla seg fram i ro og mak kring huset. Skyene skifta om å sleppe sola fram og å halde attføre. Der ute over havet saug sola vatn. Akkurat da lyset ein augneblink fall til ro, synte  helleristinga seg, langsamt og lydlaust steig ho fram og var tydeleg, så gleid ho bort, og det grå berget igjen berre låg der.

Eg veit ikkje kva eg skal gjere, og eg vil ikkje gjere nokon ting, men eg er så boblande roleg og glad inni meg.

 

(Diktet er av Odveig Klyve)

20.10.08

Hugen             Brev frå brettet