Brev 07

Svar til Simon etter at han har sendt dei to første øvingane til Berly.


Mandelbrot

 

Tidleg i november

 

Til Simon Sylveid, Storgata 12, 2344-7 Grubvang

Hei Simon!

 

Eg har fått tilsvaret ditt på dei to første øvingane. Takk for sending!

Dei to steinane er komne heilberga fram, inntulla i silkepapir og så lagde i ein solid konvolutt. Eg sit her med dei i handa, og dei kjennest som kasteterningar, rett nok litt avlange og ujamne utanpå, den eine litt større enn den andre, dei er ikkje fint firkanta og glatte og kjennest litt tyngre enn "skikkelege" terningar. På brevvekta veg den eine 12 gram, den andre 9 gram. Eg brettar ut eit nummer av magasinet Timen og Dagen og kastar dei utover. Den eine landar på den blanke dobbelmargen i midtbretten. Den andre landar inne i ein tekst, og to av orda som steinen dekkjer er "Todleiv"  og "1954".

Eg sender steinane tilbake med stor takk for lånet, for du må ha dei med i materialet som du har samla og skal levere saman med særarbeidet. Det er viktig at du ikkje er for snar til å rekne deg som "ferdig" med funna du har gjort. Ta vare på tinga, til så lenge, og sjå nærare på dei ein gong mellom.  Nett no ønskjer eg at hadde ei lupe for å studere steinane på nært hald. Dei har mange fargar, og der er små partiklar som det glimtar i!

Du har samla 10-12 ting i plastnettet. Av desse har du valt ut fem ting og sett dei opp i denne lista.

1 -2. To små steinar som låg ved sida av kvarandre på ei murkant (sender dei til Berly).

3. Eit sirkelrundt lok av kvit kraftig plast, 17-18 cm i diameter. Ytterkanten er bøygd slik at det blir eit spor som høver til kanten på det spannet eller boksen som loket skal pressast ned på. På innsida av loket er det rundt sentrum prega inn i ein sirkelforma tekst der det står SUPERFOS i ein boge over midten og - Made in Denmark med litt mindre skrift i ein boge under. - Loket låg i graset attmed vegen, og det kan ha foke dit i den sterke vinden som har vore siste dagane.

4. Ei stor fuglefjør - kvit, gråfargar (hegre?)

5. Eit ord som er kome bort frå diktet sitt.

No er du godt i gang med eit prosjekt i kaosforsking. Det kan spennande, og kanskje det kan kome til å gjere deg overraska. Koss tek du det når du blir overraska? Koss verkar det på deg? Eg er ofte heller treg, eg har lang lunte, og blir ikkje alltid overraska før folka ikring meg er ferdig med det for lenge sidan. Eg forsvarer den lange lunta mi og har laga meg eit motto: Det er aldri for seint å late ei overrasking overraske seg. - Eller eg blir overraska som visst ikkje er noko å bli overraska over.

Du har også sendt eit fargerikt UNICEF-kort, og inne i kortet har du skrive overskrifta

    Smulane på fatet  

Og så har du teikna smulane som ein stjernehimmel! Ein stor himmel full av mange små og store lysande stjerner!


Venninna di har sendt med eit lite brev. Takk for brevet, Maria! Du spør beint på:

Kva har prosjektet til Simon eigentleg med kaos å gjere?

Og så har du streka i veg på arket med rabling og ville krusedullar.

Eg sender brevet ditt tilbake til Simon (saman med dei to steinane og "Smulane på fatet"), for eg håpar at han kan få lov av deg å ha det saman med vedlegga til prosjektet.

Spørsmålet ditt er midt i blinken, og eg håpar at du og Simon kan drøfte det vidare - og gjerne skrive nokre ord om det! Og det er naturlegvis heilt greitt om du vil låner tekstheftet som eg sende til Simon da han drog i gang særarbeidet.


Neste øving skal vere "grøne tunnelar", og kanskje Simon vil drøfte temaet med deg?

Kanskje de veit om ein grøn tunnel, eller noko som liknar, så hadde det vore fin kaosforsking. Veldig bra om de kan ta ein tur og leite etter grøne tunnelar. Kanskje de treffer folk som de kan intervjue?

Lykke til!

Bruk den tida de treng, men lat ikkje tida gå frå dykk!

 

beste helsing

frå Berly

Første brev til Simon om koss han skal kome i gang

 

03.11.08

Hugen             Brev frå brettet