|
Prillar-Guri på Bjørke 10 år
Jubileumsåret
opna sundag 4.mars 2007

Sola var ikkje langt unna, marslufta var heller kjølig, - men frammøtet var
storarta.

Kiosken har blitt eit symbol på vilje til samhald i eit
lokalsamfunn. Kjernetrioen i jubileumsnemnda manar til
samarbeid og trur på ei god framtid for bygda. Frå
venstre: Marita Bett Jensen, Cecilie Rørstad
m/Bård og Gry Antita Skjåstad. Cecilie opna
jubileumsåret og sa m.a.: Vi må ikkje berre sjå problem
og kriser, men skjerpe blikket for kor fint vi har det,
kor sterke og heldige vi er og alle mulegheitene!
Etter seremonien ved kiosken rusla folk bort til
Kafe
Prillar-Guri på bedehuset.
05.03.2007 |