Program

Tirsdag 24.juli:
Målarverkstad for born på Bakketunet.

Utandørs i det idylliske Bakketunet arrangerer kunstnaren Marita Bett Jensen måleverkstad for born. Omgitt av vakre mellomalderhus får borna måle på staffeli og ekte lerret. Borna får med sitt eige kunstverk heim.

Kl. 12.00: 4 - 8 år.
Kl. 15.00: 9 - 13 år 

Pris: 200,- pr. barn  inkl. materialkostnader.

Informasjon/påmelding: 99 42 58 88

Medan borna måler kan foreldra handle antikvitetar hjå Morks Antikk i nabogarden.


Låvesal - Morks Antikk

Morks Antikk har ope 24. og 28. juli 12.00 - 17.00


Torsdag 28.juli:
Naturstien "Buvatnet Rundt"

Tur for alle, med eigen Bjørkequiz, rundt Buvatnet på Skjåstad. Ved badeplassen vert det smaksprøver frå Gilde sitt grillsortiment og sal av t-skjorter. Start ved Stigebrua på Skjåstad kl.11.00.


Fredag 27.juli:
Klatredag v/Sunalp ved Tussehellaren i Bakkedalen

I den spanande ura og bjørkeskogen rundt Tussehellaren vert det sett opp tau-bruer og anna der borna kan teste ut klatre- og balanseferdigheitene sine. Dei som vil, får rappellere. Under Tussehellaren vert det tent bål for grilling.
Kl.11.00 - 14.00
Aldersgruppe 4 - 13 år.
Pris: 60,-

 

 

 Kl. 21.00: Konsert i Bjørke kyrkje

med Jon Inge Bjøringsøy,
Ingrid Vik Henriksen og Svein Hunnes

I den flotte kyrkja vert det ein spesiell jazzkonsert som også innheld eigenkomponert musikk.

Pris: 100,-

 


Laurdag 28.juli:
Fellestur til Kårdalstindane

Opning av Kårdalsråsa. Topptur med fantastisk utsikt som belønning. Krevjande tur på eige ansvar. Hugs fjellsko, niste og turklede.

Start frå Sellereite på Leira kl.10.00


Søndag 29.juli

Låvesal - Morks Antikk

Morks Antikk har ope 24. og 28.juli 12.00 - 17.00.


Me ynskjer alle velkomne til trivelege dagar i lag med oss på Bjørke!

Arrangør: Prillargurikomiteen

Sjå også program på www.hjorundfjord.no (aktivitetskalenderen)

 

 

Til Prillar-Guri bloggen: http://prillarguri.wordpress.com