Edin Kippersund
Håkon har varme, store, lubne hender. Han står attmed meg der eg sit, og legg lett eine handa på nakken min og den andre på hovudet. Munnen hans går i ein lydlaus talestraum. Han flytter hendene og pustar ein vind nedover meg. Den stive nakken min får ei god lindring.
Før vi kom så langt pratar han om ein ferietur han og kona hadde til Bergen i 1992. Familien til kona var evakuerte dit under krigen og systera hennar er gift der nede. Dei hadde hatt strålande ver i ti og ein halv dag og fekk eit styrtregn då dei sat på flyplassen på veg heim.
No sit han ved skatollet i kammerskontoret sitt ved vindauga og noterer på ein lapp namnet mitt og dei plagene eg kan tenka meg å få bort. Håkon faldar hendene over lappen og les ei lydlaus bøn. Han er ute og hentar eit glas med litt vatn og finn fram ein stor tollekniv som han reivar inn i litt tørkerullpapir. På bordet ligg ei opna bok - truleg Bibelen - der han legg notatlappen på ein utvald tekst. På lappen set han vassglaset og tvers over det inntil ei teskei i glaset - den inntulla kniven. Han står og held glaset og kniven med båe hendene og flyttar dette med korte opphald bortover lappen medan han som før les lydlaust ein rituell tekst. Så snur han kniven 90 grader og held fram lesinga.
Håkon Vangen er lesar ein person som har evner til å sanse og hente hjelp frå gudommelege krefter krefter vi vanlege og sløve menneske ikkje ansar. Slike personar har ei sterk og synleg rolle i det læstadianske religiøse miljøet han er ein del av. Læstadianarane er kjende for å vera iherdige slitarar, inderlege i si gudsdyrking. Grunnleggaren Lars Levi Læstadius var finsk prest og samfunnsreformator - eit flogvit på fleire område - som nett vart heidra på sin hundreårs dødsdag med ein foredragsserie ved universitetet i Tromsø. Men sitt tydelegaste minnesmerke har Læstadius i denne fundmentalistiske kyrkjelyden som har eit sterkt grep på folkelivet, særleg mellom etlingar av samar og kvenar i indre strok av Troms og Finnmark. Dei held på gamle former og tar avstand frå nye tankar i kyrkje- og samfunnsliv.
Lesaren legg no den inntulla kniven tvers over hjarta mitt, les og blæs. Eg har målt litt høgt blodtrykk, registrert atrieflimmer og ujamn hjarterytme. Eg tek medisinar for det, så det er ikkje kritisk på noko vis, og etterpå seier han at blodtrykket ikkje er noko å gjera vesen av. Han trur mindre på at han kan få gjort noko med det blinde auga mitt, der netthinna vart skadd av ein blodpropp i hovedvenen frå auga.
Så kjem turen til utløpet mitt som ikkje let meg slå lens slik eg gjerne skulle. I det han no sender ein luftstraum nedover meg, fører han kniven vidare nedover og ut i lufta. Eg merkar ikkje noko og Håkon lovar ingen sikker verknad. Men om det hjelper, så er det ved Guds kraft og nåde, seier han, og skal ikkje ha betaling. Vi legg likevel att litt pengar, og han takkar glad og skjemmest mest for det.
Håkon Vangen og kona bur på ein liten gard, avsides men i aktiv teneste for mange via telefonen som kimar i eitt sett medan vi er der. Vi finn dei ein times biltur oppe i Reisadalen like ved nasjonalparken. Natur og klima minner meg om Alta den vide dalen med lakseelva, furuskogen og det tørrkalde vinterveret. Dei ville, snødekte fjella langt borte som stig bratt opp frå den flate dalbotnen. Også her er det mest motorisert ferdsel som set spor i snøen, og mellom dei mange familimedlemmane som Håkon og Hildur har bilde av i stova, er også ein son med laurbærkrans norgesmester på snøscooter.
Vi har reist tretti mil med buss frå Tromsø for å komma hit til Nordreisa, gjennom eit skiftande, vakkert og spenningsfylt landskap. Dei er ille plaga med snødskreder fleire stader her inne. Dei er elles like mykje kjend for kyrkje- og prestestrid der læstadianarane vil ha gamal liturgi og svært enkle former. I kommunar som har fått samisk status med tilhøyrande læreplan i skulen, er det ein sterk opposisjon som uttrykker seg med haglladningar mot samiske namn på vegskilt. Sundskotne skilt hamnar på muséum som dokumentasjon på at den strie fornorskingspolitikken har ført til at mange ikkje vil vera ved at dei er samisk.
Ei veke etter at eg har vore hos Håkon vert fastlegen min kisteglad for å måla eit blodtrykk på 120 over 80. Synet på høgre auga har klårna bitte lite, og eg treng ikkje springa så ofte på do. Gode helseteikn kan skriva seg frå skulemedisinen som fastlegen gjev meg. Det kan og vera nålene til akupunktøren min som nett har sett i gang å stikka meg. Akupunktur kan virka slik, seier han utan å ta æra, sidan eg tar imot fleire lækjeråder. Sjølv trur eg gjerne at både det eine og det andre gjer sitt, og synet har det no med å skifta litt. Det er som tilstanden min er ein vev av mange innslag som ikkje kan skiljast frå kvarandre.
Og slik er tilstanden her i Troms også heile tida kjem ytringar til syne på uventa vis, så sinn og sansar må vera med på at "igår" "i dag" "i morgon" har heilt ulike overskrifter. Det stemmer ikkje med det eg venta meg då eg møtte eit flott og nytt fjernsynsapparat i stova til læstadianaren. Og ordføraren i Tromsø kan dette med å erta på seg folk, som no når han vil at bynamnet også skal ha den samiske forma: Romssa. Samfunnsveven har renning og islag med eit mangfald av fargar og stoff i trådane - gamalt og nytt, bakstrev og nye idéar, norsk og samisk, kulturelle brytningar i språk og trusliv, ordskifte med kvass munnbruk og skyting eller omsorg med bøn og varme hender