Berlevåg – molo og mannskor

Av Edin Kippersund

 

Berlevåg er eit fiskevær på nordsida av Finnmark - ein tett stad med hamn, hus og næringsbygg - som klorar seg feste mellom karrige knausar og ser Nordishavet fast i kvitauga. For havet med sitt rike matfat er levemåte og lagnad for alle som lever her - gavmildt og lokkande i godver, men og med ein stormfull natur som får storbøljene til å bryta mot land med krefter som stemmer alle til age.

Det rike fisket tett innpå kysten har vore grunnlaget for busetting gjennom ti tusen år, her mot ytterkanten av land det er råd bu på. Det har vore viktig å vera så nær fiskefeltet som råd, og der det var mogeleg med båtstø i viker og lune sund i le for øyer og holmar. Etter kvart kom fiskevær med utbygd fiskeomsetning, handel og offentlege tenester. Då vann dei rommelegaste hamnene eller der naturen kunne byggast vidare ut ved å skjerma på kunstig vis med molo.

Mot slutten av krigen i 1944 la "tyskert’n" det meste av Finnmark svart og flatt etter seg. Berlevåg er eitt av dei fiskeværa som vart gjenreist og har halde stand til i dag med 1200 busette. Det er mellom anna takk vere den noko særeigne moloen. Til å legga død bårene som bryt mot denne vågen nyttar det lite å mura seg inne med stor og grov stein slik det elles er vanleg. Her tok hamnesjefen i bruk tetrapodar som byggesteinar.

Ein tetrapode er ei geometrisk form med fire horn, skapt slik at same korleis du legg den ifrå deg på flat mark, så støttar tetrapoden seg på tre av horna peikande mot spissane i ein likesida trekant, det fjerde hornet står då rett opp. Denne tingen står som ein stabbe, trygg på seg sjølv. Som ein fleire tonns byggekloss støypt i betong vert tetrapodane lagt ut i ei lang røys som stengsel mot brølande bårer. Der filtrar tetrapodane horna sine inn mellom kvarandre til eit urikkeleg gjerde som havkreftene ikkje får tak på til å riva ned. Denne moloen med hamna innafor er grunnlaget for å bu og drive næring i Berlevåg.

Ein slik buplass på finnmarkskysten med sine naturprega levekår set og eit eige merke på dei som bur der. Alle kjenner alle på godt og gale, og den som kjem utanfrå vert også møtt med endefram tale. Her er det ikkje berre vinden som gjev bakoversveis. Men den som toler verlag, ordval og talemåte kan fangast inn av eit nært fellesskap der kvar og ein kjenner seg sett og verdsett og finn rom til å leva ut ubrukte evner.

Og i slike fellesskap finn folk saman i lag av mange slag. Revyteater er det mange som driv med og sangkor er det fleire av. Og i desse laga er det meir det å høyra til som tel framfor å gjera alt betre enn alle andre. Filmskaparen Knut Erik Jensen frå Honningsvåg møtte Berlevåg Mandsangforening, vart så hugteken av karane at han "Heftig og begeistret" (filmnamnet som på engelsk er "Cool and crasy") satsa på ein dokumentarfilm om koret og medlemane sin kvardag. Og den usminka, ru og sjelfulle korsangen i filmen - som er kjende norske songar - er gjeven ut på CD.

Filmen hadde førsteframsyning på filmfestivalen i Tromsø januar 2000 der vi fekk sjå i live dei yre kormedlemane i festrus med eit stort oppglødd publikum som dei traff heime i den grad at filmen gjekk for fulle hus her i over to månader, og etter tre månader er den blitt sett av 400 000 i heile landet. Den vann førstepremie på ein festival i Gøteborg, er kjøpt inn for framsyning i fleire land og har fått kultstatus frå første stund. I politikk og kulturelt ordskifte blir adjektivet "heftig" eller andre stikkord frå filmen i mange samanhengar brukt som signal om noko varmt og ekte frå utkanten eller om lengten etter det tapte, levande livet.

Speleinntektene renn over og dryp tilbake på aktørane i mannskoret, noko uvanleg for dokumentarfilmar. Karane frå Berlevåg på framsyningsferd til hovedstaden vart bedne inn på femtiårslaget til kulturministeren for å kaste glans over festen. Desse menn av folket som har sin kvardag i eit utkantfiskvær, er brått kasta inn i ei anna verd dei berre har lese om i blad eller sett på fjernsyn. No står lærarar og andre yrkesutøvarar – som utkantane til vanleg er sveltefora på - i lang kø for å få delta på denne staden, og turopplegg har korøving på Velferden i Berlevåg som godbit. Til sommaren er det lagt opp til stort korstemne.

Som innflytta søring opplever eg det svært heftig å koma på nært hald av desse filmstjernene. Dei minner om tetrapodar som kvar for seg - og ikkje minst i lag – "står han av" som det heiter, i eit levande fellesskap der naturkreftene pressar seg til kroppskontakt og avgjer det meste. Karane seier at til no har tidsrekninga halde seg til "før og etter brenninga" - no vert det "før og etter filmen" om mannskoret på og i moloen som verjer Berlevåg.

 

<<<Fedraheimen              <<<Hugen start