Vitaminappell 17.mai 2001
Har 17.mai gått ut på dato?
Kva skal vi bruke 17.mai til? Kva skal dagen vere godt for?
Dette er ein viktig diskusjon, - til å ta alvorleg. Min vesle skjerv til eit svar skal først vere eit spørsmål: Finst det eit godt 17.mai-vitamin? Då meiner eg noko som kan gjere det enda litt kjekkare for oss å ha 17.mai. Tenk på det til så lenge. For eg vil først fortelje ein liten kvardagsepisode:
Eg har ein kamerat som er bonde, og som driv med sauer. No her ein laurdag ringde han og sa: Er du klar, Enok, no fer vi straks over med nokre av sauene og lamma. Eg hivde meg rundt og var straks framme der sauene kom til å gå forbi når dei skulle inn på det første vårbeitet. Kameraten min og dei tre ungane hans kom med dyra i ein roleg og fredeleg prosesjon. Akkurat der eg stod skulle dei over elva, og da måtte dei gå over ei bru nesten slik som dei tre bukkane Bruse. Og der kom dei: Først den ein mor-sauen, og tripp trapp tripp, med trillingar på rad etter seg! Så kom den andre sauen. Ho også med trillingar: Tripp trapp tripp! Og, JA! Den tredje sauen hadde òg trillingar : Tripp-trapp-tripp! Dette var altså ikkje dei tre bukkane Bruse, men tre gonger tre Bæ-bæ-vesle lam!
Kameraten min og eg rusla eit stykke vidare bortover for å sjå koss vaksnesauene berre roleg gjekk og gjekk til dei hadde kome fram til der dei visste at dei brukte å vere. Vi to karane sette oss ned på kvar sin mosegrodde stein i solbakken og prata vidare, - om landbruk og alle dei tinga, om bygda vår og nokre av dei tinga, - og om ting og tang.
For meg vart denne stunda, denne perlestunda, framme i sauemarka ho vart altså eit styrkjande 17.mai-vitamin.
Korleis vitaminet verkar? Til no har eg merka at det har hatt effekt på to måtar: Den eine verknaden er at eg har fått ein spesiell grunn til å stanse framme ved Raustadvatnet, gå ut av bilen og sjå om eg kan få auge på sauene på hi sida. Det er nok ei treningssak, men allereie på første forsøk oppdaga eg ei sauemor med i alle fall to lam i skråninga der borte. Og eg kjem til å stanse fleire gonger, stoppe bilen og gå ut å speide.
Den andre verknaden er at programmet mitt for omvising på Bjørke blir utvida med eit nytt og stort tema. I fjor sommar hadde vi besøk av Sue og Ian frå Australia, og eg fekk vist dei berre det aller grøvste, for vi hadde ikkje meir enn tre dagar å gjere det på. I fjor hadde vi også besøk av Patrizia og Fabrizio frå Italia. Dei budde på Ørsta Camping og kom innover til Bjørke tre gonger. Eg nådde ikkje over alt med dei heller. Det forstod dei og vil kome tilbake. Året før var det Halina og Frank frå Canada, som fekk seg ei omvising, men det vart «Bjørke light». Dei arbeider aktivt for å kome på ein ny tur til våre kantar. Altså: Turen fram i sauemarka til kameraten min, var eit 17.mai-vitamin, for han er med å gi meining til dagen i dag og vil kaste glans over mange andre dagar.
Eg trur altså at det er eit viktig 17.mai-vitamin å bli betre kjende med folk som har eit anna yrke enn oss sjølve, få sjå kva dei styrer med og ha tid til ein enkel og avslappa prat. Dette har vi alle opplevd, ikkje sant: Ein direkte og kvardagsleg kontakt som gjorde at vi var med på noko vi ikkje har prøvd før.
Vi må ikkje gløyme å vere forvitne! Vi må stadig trene på å vere nysgjerrige! Vi må ikkje slutte å undre oss og å bli forundra over alt som finst rundt oss. Kva er det folk styrer med? Kva er jobben og arbeidet deira? La oss ta kontakt. Kommunisere. Nyte naturen. Få i oss frisk luft. Slappe av. Prate. Lat oss ta oss tid, lat oss vere på lag med tida - ikkje kjempe mot ho.
Vi må ta ansvar for å halde oss i humør, rett og slett, - og når humøret rettar seg, så blir vi også lettare takknemlege for å ha det så godt som vi har det! Da gler vi oss og har det kjekt når den store 17.maien er der, fordi vi har ein liten 17.mai mange av dei andre dagane.
Og da er det mange mange her som veit akkurat dette: Ørsta, Ørsta kommune, er ein kjempeboks som er stappfull med sterke effektive 17.mai-vitamin.
Eg vil her, på 17.mai 2001, slå eit slag for den gode lokalpatriotismen, for Ørsta-patriotismen. Med handa på hjertet synest eg altså at Ørsta, Ørsta kommune, er eit fagert lite komplett fedreland i seg sjølv, - med så mykje vakkert til å fryde seg over og med så mykje variert til å undre oss over. Vi kan berre sjå oss ikring her vi står no. Og tenk deg så vidare rundt til alle dei andre plassane i Ørsta kommune. Har du for resten vore rundt i heile Ørsta?
Ørsta har fjord og fjell, dalar og strender, fri natur til så mange slags gleder. Snø og vatn. Årstidene. Og midt i alle dei praktfulle landskapa finn du jordbruk, fiske, industri. I Ørsta kan du ved sjølvsyn sjå kvar mjølka kjem frå og korleis juleribba legg på seg utover sommaren. Sjå då vel! Hestar og geiter - gå nær og kjenn lukta av dei, klapp dei. Her kan du finne ut kvar agurkane veks, kvar straumen blir laga - kven som lagar lyktestolpar, kven som fer like til Barentshavet på fiske - kvar dei lagar stolar og bord og senger og skap. Prøv å oppdag alle verkstadene, alle servicebedriftene, alle bussane og lastebilane, strevet med snøbrøyting og rassikring - barnehagane, skulane, kontora, den offentlege omsorga og velferdsapparatet, lensmannen og lensmannsbetjentane, prestane, foreiningane, laga. Dette er berre starten på ei liste som du kan gå vidare med for deg sjølv.
Folka som vi bur saman med. Naboen. Sambygdingen. Alle dei andre ørstingane, - vartdalingane, hjørundfjordingane, hovdebygdarane, åmdalingane, bondalingane, dei som bur på Ose og dei som bur på Steinnes og dei som bur på Stenes, på Vallabøen, i Grepalia, på Vinjevoll, på Digernes, i Bjørdalen, i Barstadvika og på Standal og Trandal, - og på Finnes og Sætre - og du kan sjølv fortsetje på lista over dei mange mange lokale småstammene som utgjer fellesskapet Ørsta kommune.
Vi må skjerpe oss, folkens! Vi må våge å vere glad for at vi bur i denne vakre delen av fedrelandet, og vi må vere takknemlege for alle dei gilde folka som vi er sambygdingar med og som vi kan krangle og kjeftast med, som vi kan forarge oss på og best det er samarbeide med, - og feire 17.mai saman med!
Enok Kippersund