kaplinski.jog187.jpg (20799 bytes)

Sju dikt av Jaan Kaplinski


 

Ljåen legg du på trevet.
Riva i skjulet.
Høyet i stålet.
Men graset veks på nytt og
hugsar ingenting.

 

Mellom to stormkast
som trykte rugen mot marka
og fekk drivhusplasten til å slå,
kjem stilla, almen rettar seg opp
og eg høyrer igjen
pennen som skrapar på papiret
og surringa av ei einsleg fluge
i spindelveven borti vinduet.

 

Kvitt papir og tid - det eine
fyller eg sjølv, det andre fyllest utan meg.
Så like dei er. Framfor begge
er eg litt andektig og tafatt.
Diktet likt ein sau
i det mørke fjøset bak den høge terskelen.
Litt flaut å gå borttil.
Augene blir att ute. Her må ein
famle seg fram med hendene.
Kvitt papir. Kvit ull. I mørkret
er dei begge like -
rett og slett lyse. Tida i mørkret
likeins synleg og usynleg
liksom ute i dagen også,
der augene vart att.
Tida - ein kvit handduk, der
du vrir ut diktet liksom vatn.
Ein handduk til tørk på den varme radiatoren
ute på det mørke badet.

 

Ein stad mellom Tartu og Tallin
blir eg arrestert om natta og tatt til forhøyr.
Lampelyset skjer meg i augene, eg ville gjerne ha tørka
sveitten av andletet, men hendene er på ryggen i handjern
og ein sivilkledd mann snart lokkar snart trugar.
Dei veit saktens at eg har venner som er kommunistar;
eg har fått forbudt litteratur av dei, eg har hjelpt til
med å sende sjikanerande artiklar om armeen og politiet
til fiendane våre i utlandet;
eg har skrive samandrag av kommunistiske artiklar
og late dei unge lese dei. . . Eg svarer ikkje.
Han reiser seg og går fram og tilbake framfor meg.
Eg ventar han no skal seie at dei har
utvegar nok til å løyse tungebanda på slike som eg.
Dei to trumpne soldatane ved døra ventar bare på
ordren. Redsla får magemusklane til å stivne. Eg prøver
å lukke augene ein augneblink. Då eg opnar dei igjen,
er det skog langs vegen - det er ein stad nær Anna - ,
sola glimtar fram mellom trekronene,
den skein i andletet på meg. Eg slappar av og tenkjer
kor mange, om det er veldig mange slike i verda,
som kunne ha lyst til å vakne på den måten
i ein varm og slingrande buss ein stad i Estlands skogar,
med lyset og skuggane av trea i blakring over andletet.

 

Kakerlakken spaserer i den stille kvelden
fram under badekaret på badet i ei leilegheit
i femtande etasje i eit tårnhus på Õismäe
(lysbrytaren er sund og lampa byrjar ofte
å lyse av seg sjølv).
Han kliv oppetter veggen og stansar
på hylla over vasken. Fuglane veit kvifor.
Om det var for å snuse inn lukta som siv ut
av flasker, krukker og tubar der det står skrive
Wars after shave Spartacus Sans soucis Bocage
Arcancil Exotic intim desodor Pond's cream
Cocoa butter, Pound's dry skin cream Maquimat
Avon chic Privilège Fath de Fath Aramis Savon
ambre ancien Eau de Cologne . . .
Eller anar han bak desse farga skilta
noko stort og løyndomsfullt, ei anna verd,
ei transcendental røynd, eller har ganske enkelt
dei luktene viska ut dei andre luktmerka på vegen hans
som går under kontakten og ut i kjøkkkenet til brødboksen.

 

Heilt sidan eg var liten har eg krota ned
på papiret knivar, pistolar, mannfolkfjes.
Her ein ettermiddag merka eg brått
at eg har begynt å teikne
kattar, hundar, hestar og fuglar.
Hjelpelaust, fullt av anatomiske feil,
men når eg held fram med det,
kan dei etter kvart få rettare form,
bli meir verkelege og meir levande,
og kven veit, kanskje ein gong
jamvel røre seg, til og med rette ryggen
eller lyfte vengene ein augneblink
frå det grå papiret, mellom dikt og
førelesingsutkast, liksom eingong
den gule storken som ein student
måla på veggen i eit tehus.

 

Under blå stjerner
kjølest langsamt den gamle badstova

laurdagskveld er det
månen lyser på ein klaka
lime framfor trappa


Dikta ovanfor er henta frå "Same hav i oss alle. Dikt av Jaan Kaplinski."
Gjendikta av Turid Farbregd. Gyldendal 1988.


Kort om Jaan Kaplinski:

http://www.caplex.no/web/artikkel/artdetalj.asp?art_id=9317614

Juni 2005

Fedraheimen       Hugen