- uortodokse og litt frekke, og dette har vi tenkt å halde fram med.

Høgskulen i Volda: Den einaste institusjonen i landet som tilbyr eit mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur

I orienteringa frå Ivar Aasen-instituttet heiter det m.a.:

HVO er den einaste institusjonen i landet som tilbyr eit mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur.

Ivar Aasen-instituttet har knutepunktfunksjonen for nynorsk skriftkultur i Noregs-nettet. Dette nasjonale og internasjonale ansvaret tek vi på alvor.

Den som studerer hos oss, vil møte undervisarar og rettleiarar frå fleire fagmiljø i Volda, og frå andre institusjonar i inn- og utland.

Ivar Aasen-instituttet har så langt lagt vinn på å skipe til forskarseminar og andre fagmøte på høgt internasjonalt nivå. Vi har fått ord på oss for å vere uortodokse og litt frekke, og dette har vi tenkt å halde fram med.

Som mastergradsstudent her vil du gå inn i eit aktivt og kreativt miljø, som er lite nok til at du vil kunne setje ditt stempel på det, du òg.

Les meir på heimesida til Ivar Aasen-instituttet: www.hivolda.no/iaai

 

stephen.jpg (50463 bytes)

Professor Stephen J. Walton under sidemålskonferansen i Aasentunet i februar 2002.

Walton er leiar for Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen i Volda.

Fedraheimen       Hugen