Tasteføre

Piggdekka kraslar mot den snøberre asfalten. Det gremmer meg å tenkje på gamlebilen som hadde piggfrie vinterdekk med berre fjorsvinteren på felgane. Dei var som kattepotar å køyre på, og til å bøte på miljøsamvitet med. Så kom EØS og gav gamlebilen raudt kort, - nei, ikkje for dekka, men for rusta og anna vesaldom.

Kor mange avtrykk blir det etter piggdekka på nyebilen? Om hjula sviv rundt berre ein gong, har eg gitt vegdekket mange hundre nålestikk. No er eg tilbake i piggjengen som gropar ut renner i asfalten og blir medskuldig i planingsfare når det kanskje begynner å regne igjen.

Som eg sit der og svingar på rattet og let doningen trippe og svinse seg fram på halvslitne stilettpiggar, undrast eg: Kor mange tastetrykk ligg att etter meg på nettet denne veka? Kor mange tastetrykk ligg bak alle meldingane eg sjølv har teke imot? Kva viser att etter tastinga?

Doreen frå Kentucky gjorde noko uvanleg med det same vi fekk nettkontakt for nokre år sidan: Ho skreiv ut ein etappe av korrespondansen vår på papir, la arka inn i eit prydeleg plastomslag og sende mappa til meg pr.bakkepost. Det var ei fin gåve å få som gjorde meg glad.

Er det eit anna føre for ord skrivne på papir enn for ord til å lese på skjerm? Er det vennlegare vegbane på papir slik at orda kan køyre med sommardekk, mens det på skjermen er vanskelegare å halde styringa og teksten bør ha piggane på? 

Enok

(1/12-00)

Hugskot - innhald