Majones
Ein hjortejeger som eg kjenner, driv med villsvin heime på garden. Etter jakta og etter slaktinga blandar dei hjort og villsvin i ein speke-mor som etter min smak er berre ei halv bustebreidd frå blank innertiar.
Som eg sit der og godgjer meg med godmoren på ei skive brød, hentar eg majonespakka frå kjøleskapet og legg på nokre smådottar, nett for å kvesse smaken.
Majonesøskja blir liggande attmed tallerkenen og det kjem til ei mannjamning mellom blingsen på fatet og bildet på emballasjen. På den eine sida: Mi saftige heimebakte brødskive i amatørmessig "live show" der eg sjølv har skore brødet og pølsa, smurt på lettmargarinen og med omtanke fordelt bitane av hjort og villsvin på heldig parti med kvarandre. Ahh, dette smakar!
Brødskiva på bildet er eit smørbrød på catwalken, ein perfekt og strigla modell som har til jobb å innynde seg hos publikum. Sjølve brødet kan du ikkje sjå for det er dekka med eit krusande salatblad. Oppå kjem der tre tomatskiver i tilnærma Audi-formasjon. Og så ein lubben majonesslange som kruller seg over det heile. Lekkert! Lekkert!
Fleire majones-prosjekt begynner å yppe seg:
1) Eg vil også skrive "Majones II" som skal handle om majonesen Telenor.
2) Eg vil ta eit fotografi som skal vere eit dobbeltportrett: Majonespakka og brødskiva mi ved sida av kvarandre. I prinsippet og med litt flaks kan nemleg majonesen på skiva mi og majonesen på bildet vere frå same røra på fabrikken. (Eg skal seie ifrå når bildet er teke og lagt inn på Hugen.)
Eg grundar og grundar på dette: Kva for ein av dei to på dobbeltportrettet fortel sanninga om majonesen?
Til så lenge tek eg meg beinast ei lita halv skive til.
Enok