Tanti Auguri

auguri.jpg (65299 bytes)

 

Her om dagen kom denne julehelsinga sendande på Internett. Historia bak er slik:

Fabrizio og Patrizia frå Nord-Italia er Noregs-elskarar og har gjort mange turar hit, både like til Nordkapp og til Svalbard. Dei er slike utlendingar som har reist meir i landet vårt enn mange av oss har gjort sjølve. Heile til sist sommar var dei turistar i den forstand at dei snakke berre med oss norske når vi skulle ha pengar av dei.

Så fekk dei lyst å kome i meir personleg kontakt med dei innfødde, og dei gav seg til kjenne på Internett. Ingeborg og Jørn svarte, og dermed var sommarmålet klart for Fabrizio og Patrizia: I sommar skal vi vere i Volda og Ørsta! Dei kom køyrande i sin Berlingo og oppretta base på Ørsta campingplass. Tidt og jamt vanka dei hos Ingeborg og Jørn øvst i Sollida, men det vart også tre turar til Bjørke. Dei fortalde om forholda i Italia, og vi snakka ein god del om EU. Dei ønskte dei kunne flytte til Noreg og visst gjerne hit i Hjørundfjorden! Etter at vi tok dei med ein tur opp i Bakkedalen, er dei ikkje lenger i tvil: No veit dei kvar Paradis er!

Mest så vi trur at julekortet varslar ei ny gjesting til sommaren. Velkomne skal dei vere!

Enok

(Skal spørje Maurizio, som no bur i Sør-Afrika, kva Tanti Auguri tyder.)

((Og no har Maurizio, som bur i Sør-Afrika, Ian i Australia - og Patrizia sjølv, som bur i Nord-Italia, - alle tre har foklart at "Tanti Auguri" tyder "Best wishes".))

(21.12.2000)

Hugskot - innhald