Fikentreet Tussa
Som lærar skal eg i morgon (onsdag 3.januar 2001) møte elevane att etter juleferien. Eg ville gjerne finne ein god satsplanke for den første timen i det nye året og landa etter kvart hos Lukas:
Jesus fortalde denne likninga: Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. Då sa han til gartnaren: "No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og suga ut jorda?" "Herre, lat det få stå i år òg," svara gartnaren, "så skal eg grava kring det og gjødsla det; kan hende det ber neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned."
Teksten er no vakkert skriven ut på PCen. Eg er klar til å kopiere han og lime han inn i arbeidsbøkene. Men korleis skal eg få dette fikentreet til å bli eit konkret og begripeleg bilde? Tanken streifa min eigen PC som stundom slår seg skikkeleg vrang og er "utan frukt". Vil elevane meine at eg da bør "hogge ned" heile PCen?
Så lagar det seg slik at eg går på nettet for å sende målaravlesingane mine til Tussa Kraft:
"Finn Tussa si internettside www.tussa.no, trykk "Målaravlesing" og følg instruksjonane vidare." etc. Men, nei, skjermen begynner å klandre meg for mangelfull inntasting. Prøver opp att tre gonger, men det berre skjer seg. Eg grip til telefonen og slår 80030880. Eg får hyggeleg svar og god hjelp, og målarstandane kjem dit dei skal. "Kvifor kom eg ikkje inn på internett?" spør eg. "Det er noko som er gale!" svarer ho, kanskje ørlite oppgitt midt oppi telefonkøen, men stadig optimist.
Kjem kanskje til på nytt å fortelje elevane om kor stolte vi skal vere av Tyssefossen, men vil også spørje om vi no må hogge ned Tussa Kraft når dei ikkje vil sleppe oss inn via internett.
Ønskjer Tussa Kraft og alle oss andre eit evangelisk nytt år!
Enok