Evergreeens Ltd

Sette ein slags personleg rekord i telefonsal i dag. D.v.s. telefonen kom frå New York, og eg var tildelt rolla som kunde. Han snakka engelsk og var sikker på at eg kjende meklarhuset han representerte. "You have heard about us, we are The Evergreens Company, you know!" Evergreens var klar til å sluttføre transaksjonen: "I will send you the packet straight away and the stock market will welcome you!"

Etter kvart demra det for meg at det måtte vere gjetordet om mitt eige firma, "Hugen råd til sjølvråd", på denne sida av dammen, som hadde nådd over til firmaet hans "over there". Vel, eg forklarte, som sant er, at Hugen nok er eit føretak, registrert i Brønnøysund og all tingen, men at eg vil vente enda nett ei lita stund med å gå på børs. "Eg er framleis inne i oppbyggingsfasen," sa eg, "og har eigentleg tenkt å leggje aktiviteten på hobbynivå."

Samtalen var over før eg fekk sukk før meg. Ikkje fann eg sigaren heller.   (19.02.2001)

<<<