Bilbil

Det er tidleg føremiddag utanfor handlehuset. Parkeringsplassen er enda nesten tom, og ein bilbil nyttar det ledige rommet til å stille seg opp for avlasting. Bilbilen har ein lang tilhengjar i to etasjar der det står oppvagla 6-8 nye personbilar. Nokre av dei skal no trillast inn til den lokale forhandlaren her på vår kant.

Bilbilsjåføren kjem ut, tek på seg arbeidshanskar og begynner å trekkje ut rampar og støtter som skal bringe dei splitternye doningane trygt ned på kvardagsasfalten. Enda står dei framover i to rekkjer, den eine over den andre, som i ei sprinklekasse. Arrangementet får meg til å tenkje på eggstokkar.

Eg går bort til sjåføren og seier:
    - Du er som ei jordmor, du!
Han skjønar ikkje med det same, og eg nikkar framover mot dei fabrikknye modellane:
    - Her er jo tvillingar også her, som skal ut!
Han ler:
    - Ja visst er her tvillingar! Oldemor mi var for resten jordmor, ho.
    - Der ser du, seier eg.
    - God påske! smiler han.
    - Takk du det same! svarer eg og helsar på lotto-måten med nøkkelen til min eigen bil.

 

(12.04.2001)

<<< Hugskot           <<< Hugen start

 

.