Fuglekassen

O

Draum 2.01: Ballongen

Bolk 1 a. Referat av draumen   b. Dagen før -og dagen etterpå   c. Den nære samanhengen   d. Peer Gynt - no med ballong? 

Bolk 2  a. Draumen eit landskap  b. Fleire detaljar i draumen  c. Mitt eller vårt?

Bolk 3  a. Draum kommenterer draum  b. Den blå lengsel


Bolk 1

1a. Referat av draumen

Eg har vore ute i det fri, der oppe og der inne i ein open fjellheim. No kjem eg vandrande på veg ned att til folk og samfunn. I høgre handa held eg ei sterk tauline som fører beint opp gjennom lufta til ein ballong, som er min, og som svever høgt der oppe, 50-60 meter over hovudet på meg. Han er omtrent så lang som ei 14 fots jolle reist på enden med baugen nedover. Ballongen er blå, flyblå, og han er vakkert førseggjort. Han er ikkje berre ei "boble", men er ei fast flat form, som ei feltflaske, som eit flat krukke, som sameinar vase og flaske og som med kraft og vilje strevar oppover, med botnen opp. Materialet er ikkje tynn gummi som i leikeballongar eller duk som i varmluftballongar, men er kraftig og solid, eit tjukt sterkt gummimateriale, som i bildekk. På utsida har han eit relieff i reine enkle linjer som framhevar flaskeforma. Ballongen har så sterk oppdrift at lina er stram og er i perfekt loddrett stilling. Krafta er myndig, og eg må yte motstand og halde igjen.

Så kjem eg ned til folk og busetnad, og eg får eit problem: Her er fullt av kraft- og telefonleidningar alle vegar, som ikkje heng så mykje høgare enn ei mannshøgd, - hesjestrengar og klessnorer! Himmellina mi kolliderer med alle desse uryddige jordiske, og det er heilt uråd å kome seg gjennom stengslene. Eg prøver å manøvrere, drage ned ballongen eller kva det no er eg gjer, - men berre det at eg prøver, gjer at ballonglina vasar seg inn i leidningane og strengane og snorene og kablane, og vandringa er slutt. Ballongen svever stadig der oppe, men eg har ikkje kontakt med han lenger i min ende av lina, - rotet har gjort at han er blitt tjora fast, bunden, i eit eller anna stolpestyr mellom han og meg.

Eg hugsar no at eg har gløymt noko der inne i fjellheimen, hos folka eg budde hos, - eit lite sterkt nett eller ein pose som eg skulle ha til å gøyme ballongen i. Men no verkar alt håplaust, eg er utsliten og veit at eg vil ikkje orke å gjere vendereis for å hente "hylsteret" til ballongen.


1b. Dagen før - og dagen etterpå

Dagen før eg hadde denne draumen, hadde eg vore i sterke funderingar om ei sak som skulle opp i kommunestyret. I lokalavisa hadde eg sett at det fanst svært ulike oppfatningar. Særleg eitt utspel provoserte meg, og fekk meg til å mobilisere. Kva var så mitt standpunkt, og korleis ville eg grunngi det? Samtidig er eg heilt "grøn" i kommunestyret der eg i ei kortare periode har møtt som vara.

Etter kvart, før eg gjekk til sengs om kvelden, gjorde eg opp med meg sjølv kva som var mitt standpunkt. Kanskje ikkje så mange ville dele mitt syn? Eg gjorde atter klart for meg sjølv kva som var mine argument og oppfatning, som eg ville gi til kjenne - og som eg ville stå for! Eg slo meg til ro, kjende meg lettare til sinns. Jon Blund og eg blunka lurt til kvarandre, og eg trong ingen voggesong for å sovne.

Da eg vakna om morgonen, med draumen klårt i minne, kjende eg det knurra i eit raseri, - eg var arg! Det gjekk over i ein trass: Eg ville min sann stå for mitt syn på saka!

Da kommunestyremøtet kom i si tid, målbar eg mine argument. Fleire andre tenkte i same baner, og det enda med eit vedtak som eg kunne slutte meg til.


1c. Den nære samanhengen

Eg syntest altså at draumen gjekk inn i ein konkret og nær samanheng, - og eg opplevde det også slik at draumen fekk meg til å skjerpe meg på å halde klårt for både meg sjølv og andre kva som var mitt standpunkt. Eg måtte berre sjå opp for snubletrådar og ikkje late dei floke det til for meg. Draumen var ein påminnar, ein tydeleg rådgivar og støttespelar der og da, i sak nummer det og det. Eg opplevde det som å vere "sanndrøymt".

Men som tida går og ettertanken får arbeide spørst det om eg ikkje får ei meir aksepterande haldning til alle desse jordiske trådane!

Etter kvart ser eg at draumen opnar for eit større perspektiv, - eit livslangt perspektiv for mitt vedkomande. Kanskje andre vil finne at det er aktuelt også for seg? Eg er så frimodig at eg ser draumen som kjernen i eit manuskript for eit kåseri eller eit foredrag med eit felles menneskeleg tema: Meg sjølv og dei andre - Individ og fellesskap. Eg vil i det følgjande prøve å utforske og avklare dette perspektivet, og vil da m.a. støtte meg til det som Jon Tolaas skriv om metaforar. (Trykk her for tilvising: om metaforar )


1d. Peer Gynt, - no med ballong?

Jon Tolaas skriv: "Og metaforen, det billedlege uttrykket, er nettopp ein slags mental flyttebil som fraktar kunnskap frå eit område som vi kan kalle kjeldeområdet, til eit anna vi kan kalle målområdet. (...) Målet med denne flytteprosessen, er at vi skal få vite noko nytt, friskt og gjerne uventa om målområdet."

I draumen startar det slik: "Eg har vore inne i det fri, der oppe og der inne i ein open fjellheim. No kjem eg vandrande på veg ned att til folk og samfunn." Dette er eit kjent kjeldeområde! - anten ein no tenkjer på ein dagstur i mark og fjell, eller på nokre dagars opphald på ei hytte. Eg tenkjer utan vidare tilbake på gutedagane då eg streifa mykje rundt i markane og fjella heime. Det var ikkje små draumar og forsiktige prosjekt som då sprang fram i tanke og fantasi. Ein gjekk visst både Tor Heyerdahl og Peer Gynt ein høg gang.

Vandringa i draumen skildrar overgangen frå å vere fri og aleine "i ville fjellet" til eit hopehav med anna folk der det er omsyn å ta og reglar å følgje. "Målområdet" er i første omgang det tilstundande kommunestyremøtet, men som eg arbeider med draumen, blir "målområdet" ikkje berre eit avgrensa felt, men utvidar seg til eit "livsområde".

Draumen forlengjar fridomen i fjellet ved at her kan ein fritt gå å leie med seg ein stor ballong, i eit fritt luftrom - og forsterkar at ein ikkje utan vidare kan ta med seg denne fridomen inn i ein sosial situasjon: Den loddrette ballonglina floker seg inn i dei vassrette klessnorene og telefonleidningane, - i eit offentleg rom. Slik kan det stundom vere: Ein søkjer einsemda for å finne ut av ting, tvile seg fram til eit standpunkt, for å kunne konsentrere seg, for å kunne slappe av og meditere. Så kjem ein kanskje til eit storarta "Aha! - eg har det!", - og dette blir "ballongen" som ein strenar skråsikker og "fundmentalistisk" tilbake til dei andre med?

Og det fell meg inn: I draumen er eg slett ikkje så gammal! Tyder den blå ballongen mot eit forsvar for kreativ leik og ledige sprell? Jfr.: Arne Bendixen som "vil ha en blå ballong, en med munn og nese på".

Gjeld det eit møte mellom individ og kollektiv, der partane må prøve styrke, forhandle, posisjonere seg, gi og ta? Eller kan den mellommenneskelege relasjonen vere eit forhold til ein neste, ein empati som er fleksibel og innlevande utan å vere underkastande og sjølvutslettande? Er det ein einstøing utan sosial kompetanse som kjem hivandes ned til bygds? Er det ein Gregers Werle som bryt inn hos fotograf Ekdal med "den ideale fordring" på lomma? Eller er det ein pioner og banebrytar som manar til at livet ikkje berre skal følgje marka, men også strekke seg mot himmelen?

Da handlar ballongdraumen ikkje berre om ein nervøs debutant på varaplass i kommunestyret, men går beinast på koss det er dette med å prøve seg som menneske, i det heile tatt!

< --- >

Dette avsnittet får no kvile ei stund, kjem sikkert til å ta det igjen og karve vidare på det. Har no tenkt meg til med eit gjensyn med Vaclav Havel og eit forsterka førstemøte med Emmanuel Levinas, - har tenkt no først å gi dei kvar sitt innslag her i Fuglekassen.

15. august 2003


Bolk 2 (fyrste bolken avslutta eg 15.august, - i dag er det 11.september 2003)

2a: Draumen er eit ope landskap

Eg må heile tida tilbake til draumen, han uroar meg stadig, han både søkjer innpå meg og vik unna. Det er fort gjort å slurve med eit draumereferat på den måten at ein ikkje gir seg tid til alle detaljane (dei ein hugsar). Best det er hengjer ein seg opp i eit visst avsnitt og let det andre liggje i halvskugge. Når ein vaknar, slik som eg gjorde i dette tilfellet, med ein sterk kjenslemessig reaksjon, blir ein så sterkt oppteken av å finne ut kva draumen "tyder", at ein i iveren grip til ei "løysing" som kan stengje for eit fritt og vidare arbeid med draumen. Eg minner meg sjølv på at ein draum ikkje plent har ei "løysing", han kan ha mange "løysingar"! - at ein draumen meir "handlar om noko", rører ved noko, går eit steg vidare - enn å bla opp ein fasit. Ein draum er som eit ope landskap til å vandre i, ikkje eit lukka losji å nå fram til og låse seg inne i. I dette landskapet av draum, kjensler, assosiasjonar og tankerekkjer finst mange utsiktspunkt som kan gi ulike "løysingar", eller ei "løysing" sett frå ulike sider. Eg trur det er draumeforskar Jon Tolaas, eller var det Sigmund Freud? - som seier noko slikt som at ein treng ikkje meir enn ein einskild draum å gripe tak i. Ein kan skrive ei heil bok om ein draum, før ein ser at ein helst skulle ha skrive eit band nummer to.

Seier eg altså til meg sjølv, og er visst ikkje heilt sikker likevel på om eg villig til ei slik "vandring i eit landskap". Det er ein jeger i meg som vil jakte på eit bytte som eg kan felle og ta som prov på at eg har funne "løysinga"! Får prøve lell, prøve å avvæpne jegeren og halde fram som våpenlaus vandrar.


2b: Fleire detaljar i draumen

Eg har vore ute i det fri, der oppe og der inne i ein open fjellheim. No kjem eg vandrande på veg ned att til folk og samfunn. I høgre handa held eg ei sterk tauline som fører beint opp gjennom lufta til ein ballong, som er min, og som svever høgt der oppe, 50-60 meter over hovudet på meg.. Ballongen er blå, og han har ei vakker førseggjort form. Han er ikkje berre ei "boble" som esar utover, men er ei fast flat form, som ei feltflaske, som sameinar vase og flaske og som med kraft og vilje strevar oppover, med botnen opp. På utsida har han vakre relieff i reine enkle linjer. Ballongen har så sterk oppdrift at lina er stram og er i perfekt loddrett stilling. Krafta er så myndig at eg må yte motstand og halde igjen.

Så kjem eg ned til folk og busetnad, og eg får eit problem: Her er fullt av kraft- og telefonleidningar alle vegar, som ikkje heng så mykje høgare enn ei mannshøgd, - hesjestrengar og klessnorer! Himmellina mi kolliderer med alle desse uryddige jordiske, og det er heilt uråd å kome seg gjennom stengslene. Eg prøver å manøvrere, drage ned ballongen eller kva det no er eg gjer, - men berre det at eg prøver, gjer at ballonglina vasar seg inn i leidningane og strengane og snorene og kablane, og vandringa er slutt. Ballongen svever stadig der oppe, men eg har ikkje kontakt med han lenger i min ende av lina, - rotet har gjort at han er blitt tjora fast, bunden, i eit eller anna stolpestyr mellom han og meg.

Eg hugsar no at eg har gløymt noko der inne i fjellheimen, hos folka eg budde hos, - eit lite sterkt nett eller ein pose som eg skulle ha til å gøyme ballongen i. Men no verkar alt håplaust, eg er utsliten og veit at eg vil ikkje orke å gjere vendereis for å hente "hylsteret" til ballongen.

Så no, altså, for ikkje å slurve med referatet: Eg saumfer det på nytt.

Referatet forklarer ikkje heilt nøye koss det går til at at ballonglina: "vasar seg inn i leidningane og strengane". Men eg står att tomhendt. Eg hugsar heilt klart frå draumen at eg ikkje misser taket fordi eg snåvar eller valnast vekk i handa. Det skjer berre utan vidare ei plutseleg forandring som gjer at "han er blitt tjora fast, bunden, i eit eller anna stolpestyr mellom han og meg".

Eg misser totalt kontrollen på ballongen, eg kan ikkje lenger gå og leie han med meg, som ein hund i band, som om han er min personlege eigedom. Samtidig er det slik at ballongen, som stadig heng like tydeleg som før der oppe i lufta og stadig kan sjåast av alle, faktisk er tryggare tjora no enn da eg berre kneip om lina med handa mi. Vips! best det var kunne eg ha mist han. No er han fortøyd og installert like trygt som lysstrengane og telefonkablane.

Kvifor kunne eg ikkje vere glad for at eg slapp å ha ansvaret lenger? Frå einsemda der inne i fjellet har eg ført med meg dette "vedunderet" ned til fellesskapet med dei andre. Var det ikkje dette eg ville, - å gi ballongen til felleskapet?

Nei! Det er tvert imot svært tydeleg at eg gremmest over at "eg har gløymt noko der inne i fjellheimen, hos folka eg budde hos, - eit lite sterkt nett eller ein pose som eg skulle ha til å gøyme ballongen i".


2c: Mitt eller vårt?

Draumen har kanskje å gjere med at ein gjerne vil at folk skal leggje merke til ein, og samtidig fortelje at dette som eg viser fram, er altså mitt!

Her er det fort gjort å finne eksempel: Ein forfattar som gir ut ei bok (kjem gåande med ein "ballong"), vil helst ha eit publikum, di fleire di betre, men det er viktig å halde på opphavsretten. Det er forfattaren som eig teksten, som har råderett over innhaldet. Det same gjeld for ein malar som stiller ut arbeida sine og gjerne vil ha omtale og selje dei. Publikum kan ikkje berre tileigne seg kunstverka, umyndiggjere kunstnaren, slette signaturen og gjere dei til eit felleseige. Og eit tredje eksempel kan vere oppfinnaren som svært gjerne vil ha produktet sitt ut i produksjon, men då slik at han sjølv har forteneste på det!

Den svevande ballongen i flyblått kan likevel tyde mot at her det gjeld noko anna, "noko meir", enn honorar og oppfinnarbonus.

Kan det gjelde ein ide eller tanke, eit standpunkt eller ei erkjenning som ein har streva for å vinne fram til og finne form på, - og som ein gjerne vil forkynne til andre, men som ein samtidig vil vere den einaste til å forvalte? Ein vil gjerne offentleggjere kva ballongen dreiar seg om, men fri og bevare meg for ein pressekonferanse som berre får feila og mistydingane til å yngle!

Ein vil kanskje dele med dei andre, men det skal vere ei deling på lån, ikkje ei deling som er gi det til andre til deira odel og eige?

Når eg gir vidare ein tanke som eg har tenkt, så vil eg kanskje at då skal den tanken tenkjast slik som eg har tenkt at han skal tenkjast?

Korsom er: Å gi frå seg noko til andre, noko som ein sjølv verkeleg er opphavet til, er ikkje berre lett! Eit personleg arbeid er som eit barn som ein dag er vaksen nok til å fare heimafrå, til å reise ut i verda og stå på eigne bein. Det er ikkje lett for opphavet å sleppe handa av det! Samtidig var det visst det ein ville: At det skulle vere sjølvstendig utan sikringsnett - og at ein sjølv heile tida vil vedkjenne seg og stå for det som det vart av det.

Eit ordtak melder seg, om dette med å vere forelder eller lærar: Ein vil gi avkom og elevar både venger røtter og venger. Ikkje rart då, kanskje, at det skaper uro og frykt når røtene, som stikk djupt og er sterke, må sleppe taket og la vengene ta over....

Fredag 19.september 03


Måndag 22.september 03

Bolk 3

a. Draum kommenterer draum

To gonger, i tett rekkefølgje, har eg siste tida hatt denne draumen: Det er inne i ei stor hall som kan vere ein sentralstasjon på ein undergrunnsbane, eller vestibylen i eit stort kontorbygg. Det yrer tett i tett med folk som har det travelt med å kome seg hit og dit. På golvet ligg det ein stor "kasse" opp ned. Kassen er 8-10 meter lang, nesten like breid. Kanskje det er ein stor badestamp som er kvelvd? Slik han ligg, med botnen opp, rekk han opp i magehøgd på folk. Kassen kan vere laga av fiberplast. Kantane langs overgangen frå botn til sider er fint avrunda, det same er hjørna. Fargen er lys blå, og han er ikkje glorete eller ny. Fargen verkar som han er utvaska over tid i ver og vind, og det slær gjennom striper og ujamne flater av ein underliggande kvit grunnfarge. Det blå og det kvite står så godt til kvarandre og går så fint i hop. Kassen er vakker og fredeleg!

Det er tydeleg at kassen er i vegen for folk og lagar trøbbel for trafikken. Av og til bøyer nokre av dei seg ned saman for å flytte på kassen, og han er lett å flytte, - verkar som han "flyt" på golvet på ei luftpute. Treng ikkje løftast, berre leiast lett og skubbast, og han er villig med på å prøve nye plasseringar i rommet, - i ein krok, ved ein vegg, ute på golvet. Men same kor dei flytter og flytter igjen og prøver å få han ut av vegen, så er han der berre likevel, like stor og midt imellom dei. Til slutt gir dei opp å bry seg, og no lest dei seg ikkje merke med han. Folk vender blikket ned eller bort, - kassen blir omgitt av ein total og høfleg diskresjon. Eller gløymsle. Folk yrer og travlar vidare. Alle er aleine, ingen snakkar med andre. Eg står på eine sida av kassen, som om eg er mellom han og veggen, og ser over til alle menneska på hi sida og koss dei strendar forbi. Eg kan sjå berre øvste delen av kroppane deira over kanten av kassen, er visst mest mannfolk, ser dei berre ned til albogane og mappene som dei har stukke opp under armane. Dei renn forbi i begge retningar som om dei er halvt nedsøkte i ein kanal.

Kommentar: Eg opplever at dette er ballongen i ny versjon. I den første draumen med telefonstrengar og klessnorer var det ikkje folk å sjå. Her er det tjukt av folk! I begge draumane er situasjonen prega av sosiale rammer og samfunnet sin etablerte kommunikasjon.


b. Den blå lengsel

Ein nyttig og vennleg og nydeleg kommentar til ballongdraumen, som kom i ein mail, og som eg takkar for, er slik:

"Blå ballonger kan kanskje ikke sveve i samfunnets sosialiserte virkelighet. Men vi vil ha et strukturert liv og et ordnet samfunn. De blå drømmene, den blå lengsel vil hele livet forbli uforløst. Derfor er de så vakre og så viktig. De er våre sjelers boplass og kilden til vår skapende kraft. Jeg tror det er både unyttig og umulig å ta dem ned fra de frie høydene og ned til de flate bygder."

 

Send meg gjerne din kommentar! Om nokre dagar, eller ei veke eller to, kan eg vere tilbake og prøve meg på ein ny etappe.  - E.K.  Adresse: enok@kippersund.no

^til toppen

Fuglekassen        Hugen