Fuglekassen O |
|
Bolk 1 Eg ser eit utsnitt av eit vakkert handskrive manuskript, slik munkane gjorde det før Gutenberg. Initialbokstaven G er nydeleg utforma innanfor eit kvadratisk felt og har lyse glade fargar mot det lett gulfarga papiret. Plutseleg er G-en ein levande belg eller eit frøkapsel, omtrent som ei munnhole, og inne i hola er ein mandelforma kjerne som tek opp heile holrommet. Veggene i G-en arbeider som ein levande munn og spyttar ut den mandelforma kjernen, som er ein rugby-fotball. Ballen sprett ut på ein fotballbane, og er visst no ein vanleg kuleforma fotball. Ballen legg seg til på straffemerket, og alt er klart for å ta straffesparket. Da gjer ein dommar om på dømminga og seier at det skal takast avspark frå straffemerket utover banen, ikkje straffespark innover mot mål. - Eg vaknar i perpleks og gladmunter glede! (19.01.04) 1b. Målmannens angst for straffesparkmerket Draumen fekk med utan vidare til å tenkje på ein tittel eg ein gong har høyrt: "Målmannens angst for straffesparkmerket." Eg har ikkje hatt det minste greie på kva denne tittelen heng saman med, men sjølve ordlyden sette seg fast i minnet. Etter draumen har eg så prøvd å spore opp kjelda og kjem dermed til forfattaren Peter Händke. Eg skjønar at dette er ein berømt forfattar, men eg synest eg aldri har høyrt namnet. Vidare kjem eg til at denne boka er blitt filmatisert av ein person som heiter Wim Wenders, og dette namnet kling litt meir attkjenneleg utan at eg er i stand til å ytre noko etterreteleg om vedkomande. På Internett kjem eg så fram til visse opplysningar (1) først med Trondheim Filmklubb som kjelde www.trondheim-filmklubb.no : "Målmannens angst for straffesparket er en filmatisering av Peter Händkes roman. Filmen handler om målmannen Josef Bloch (Arthur Brauss). Nærmest på grunn av en innskytelse dreper han en billettselgerske han treffer på kino og inviterer med seg hjem. Det absurde mordet er imidlertid ikke innledningen på noen kriminalhistorie, men kun et symptom på Blochs kilometerlange avstand til omverdenen. Hans liv oppløser seg i en rekke enkelt-øyeblikk. I atmosfæredirrende bilder følger vi Blochs forsøk på å skape seg en egen historie. Han forlater storbyen og drar til en landsby ved den tysk-østerikske grensen, hvor en tidligere venninne av ham driver en restaurant. Men han får ikke kontakt med menneskene rundt seg. Gradvis fylles målmannen med en økende angstfølelse i møtet med sin mangel på identitet. Han er tilsynelatende likegyldig over at politiet steg for steg rykker ham nærmere inn på livet. Målmannens angst for straffesparket var Wim Wenders gjennombruddsfilm. Den inneholder mange av de temaene som har kjennetegnet hans senere filmproduksjon. Wenders tar blant annet igjen i bruk reisen som et fortellerelement, og vi merker også hans fascinasjon for amerikansk populærkultur og for kommunikasjonsobjekter i seg selv. Et bilde på det siste er at hovedpersonen Bloch benytter enhver anledning til å gå på kino, se fjernsyn, høre på radio, lese aviser eller lytte til jukebokser. Wim Wenders filmatisering av Peter Händkes roman er i høy grad basert på en personlig tolkning. Wenders har omskapt Händkes oppbrutte, abstrakte og melankolske personskildring til et sammenhengende stemningsbilde, godt hjulpet av fotografen Robby Müllers mesterlige bilder." Die Angst der Tormanns beim Elfmeter Vest-Tyskland 1971 Regi Wim Wenders Manus Wim Wenders, basert på en roman av Peter Händke Foto Robby Müller Musikk Jürgen Knieper Med Arthur Brauss, Erika Pluhar, Kai Fisher 103 min 16mm, farger, engelske tekster Utlån Goethe Instituttet Kjelde: http://www.trondheim-filmklubb.no/film/tfk/v99/omtaler/MalmannensAngst.html (2) I ein presentasjon i Dagbladet nemner forfattaren Bjørn Esben Almaas boka som si største lesaroppleving. http://www.dagbladet.no/kultur/27580.html (3) I ein kronikk i Morgenbladet av ... lyder innleiinga: Peter Handkes skjebne demonstrerer med all mulig tydelighet veien fra 60- til 90-tall. Den samtale mellom forfatter og leser han ønsket, den umiddelbare kontakten med publikummet er blitt borte. Hverken kritikk eller bekreftelse skaffet ham den nødvendige resonnans lenger. Likevel har han fortsatt å skrive om det vi ikke tenker over - men som former våre liv. http://www.oslo.net/historie/MB/utg/9540/kritikk/2.html Biblioteket har skaffa meg boka:
Eg sat og venta på nokon og nytta tida til å kike og bla litt i boka. Ein kjenning kom bortåt. "Kjenner du boka - eller filmen?" spurde eg. "Nei, eg trur ikkje det" sa han. "Men eg har nok høyrt tittelen, som er litt spesiell." Boka begynner slik:
Så får vi nett sjå koss det kjem til å gå. Om eg kjem til å lese boka. Heile? 1c. Eit hjelpemiddel i draumearbeid er å teikne, utan å ta det for tungt viss "det blir ikkje heilt likt med draumen" og kanskje heller ikkje noko til å hengje på veggen. Så her er eit forsøk:
Det som stadig sit igjen etter draumen, er at han arta seg som ein overrumplande "filmsnutt". Før eg fekk sukk for meg så var det over, men inntrykket som sat igjen, var tydeleg, ikkje til å stoppe - og ikkje til å gløyme. Og eg får igjen denne kjensla at dette er ein slik draum som det kan skrivast ei heil bok(!) om. (4/3-04)
Så dukkar denne G-en opp på eit bokomslag, og eg får ei ny bok å lese: Galgiholm av Jostein Krokvik (13/3-04) Eg kan kome til å skrive vidare på kommentaren til denne draumen, - og du velkomen til å sende meg dine kommentarar, tankar, assosiasjonar! enok@kippersund.no )
|