Fuglekassen O |
| Draum 2.04: Godt mot for ein vêrhane Bolk 1 Til møtes med meg på vegen kjem ei ung kvinne som følgjer Astrid Lindgren til døden. Dei to går ved sida av kvarandre. Astrid Lindgren er meir sveipt enn kledd i eit svartglinsande stoff. Alt av henne er skjult. Hovudet er inntulla i stoffet, og på toppen har ho ein svært vid hatt, så vid som ein parasoll, som ein flat kinesisk solhatt med ein spiss topp. Det svarte stoffet, som også hatten er laga av, er elegant, verkar som det er tett fletta eller tett knytt som eit garn eller maskeverk. Tanken kan gå til ein mumie i svart, men sveipet er elegant, og ho rører seg lett. Slik Astrid Lindgren står der, er ho ei oppreist og vakker form, - som ho var dreia, med "vepsemidje". Eg spring bort til dei, for eg vil seie takk og be farvel til Astrid Lindgren. Mens eg spring tek eg av meg brillene og puttar dei på innerlomma, for eg vil ikkje at dei skal kome i vegen når eg skal gi henne ein klem kinn mot kinn. Da eg kjem nær henne blir den svarte kapselen framfor hovudet borte, som eit visir, men det meste andletet som kjem til syne er dekt av hardt kvitt plaster, som kan minne om slik kirurgiske pasientar blir plastra for å halde ulike rør og hjelpemiddel på plass. Så glir også alt det kvite plasteret til side, nesten heilt til side, og eg ser andletet av ei ung og frisk kvinne som ser ut frå innkapslinga, med det blonde håret klipt i ein kort og sporty lugg. Ho smiler hjarteleg til meg, men ho har det travelt, for straks må ho vidare. Eg seier noko slikt som: "Eg er vel ein vêrhane, men eg er ikkje ein slik ein som vinden lett blåser ned og kastar bortover marka. Vêrhane er eg nok, men meg skal ikkje vinden blåse ned." Ho svarer noko slikt som dette: "Men, du, ein vêrhane som ikkje gir seg og ikkje ramlar ned, ein slik vêrhane vil vi da ha til å vise oss kva veg vinden bles!" Og ho kan visst ikkje smile nok til meg for å oppmuntre meg. ------- Og eg vakna med eit lysare syn på livet enn eg har hatt på svært lenge. -------- Vêrhane: 1) vindfløy (med haneform) 2) vinglelynt person; "ein politisk vêrhane": ein politikar som skiftar standpunkt etter omstenda (Nynorskordboka)
Du er velkomen med kommentarar til: enok@kippersund.no
|