Fuglekassen O |
|
Draumen Eg har vore hos bror min som bur på ei øy heilt ute ved havet. No skal han køyre meg til ein rutebåt eg skal nå. Eg sit i baksetet midt i bagasjen min, tre store kolli - koffertar og ein bag. Det er trangt om plassen. Mens han køyrer sit eg og strevar med innhaldet i ein stor svart tøypose som kan lukkast med ei snor tredd i "mulen", - innhaldet er "tarmete", eit svart silkeliknande stoff som er halvt ute av posen, - veit ikkje om eg prøver å stappe alt inn att eller drage det ut. Innhaldet er ein slags video med ein film som eg må få sett ferdig før eg går på båten. Broren min stoppar oppe i den slakke bakken som fører ned til rutebåtkaia. Trur han stoppar for at eg skal få gjort meg ferdig med filmen. Landskapet kring oss er ope. Rutebåtane kjem og går stadig vekk, - det er ikkje same båten som trafikkerer, men det er ein ny båt for kvart anløp. Nett no kjem den tredje båten, som eg vel må rekkje? Denne båten er ein slags "veteranbåt, og har eit namn som endar på -fjord. Båten der nede ved kaia er halvt skjult bak eit høgt og langt nothengje. Så er eg nede på kaia der det blir lempa i land eit kollo til meg. Det er den same filmen som eg prøvde å sjå ferdig. Eg kunne ha spart meg strevet med posen i baksetet, for no må eg (er nøydd til) å sjå filmen, på nytt, før det får vise seg kva som vidare skal skje. Båten kom ikkje for å hente meg, men for å bringe meg filmen. ---- Eg vaknar, og tanken går til eit dikt av Tone Hødnebø:
VI LØP nedover trappene, Noen kom og tok oss i armen Vi kom akkurat tidsnok
(Frå "Stormstigen")
Du er velkomen med kommentarar og tankar! enok@kippersund.no 11/9-04 Kommentar Her er frå ein kommentar, (som eg takkar for!): Jeg får sånne "forsone seg med døden-assosiasjoner" igjen. (Hett tema
i mitt eget liv!) Det der med båter som frakter en over - som styx. Videofilmen fra sitt
eget liv - man hører jo at man ser livet sitt passere revy. ---- Apropos døden, - i kladdeboka mi ligger det nå noen dikt eller betraktninger fra
mange store mystikere. Her er ett av dem: -------- Eg opplever at kommentaren opnar for meir av draumen. Uttrykket "die before you die" er nytt for meg. Etter eit raskt søk på internett ser eg at det finst i mange samanhengar, både blant mystikarar og anna godtfolk. Ein ring i vatnet Ein draum er ikkje (berre) ein konsis linjal som fører i rett linje frå M til G, eller frå c til d, men er (ofte) (også) ein kompleks stein som blir sleppt i vatnet og spreier ringar til alle sider, til strender som ligg nær, til strender lenger borte, - og strendene høyrer stundom til fastlandet, stundom til øyar og små skjer. Eg prøver nett no på å kome vidare med praktisk arbeid, rydding og ommøblering. Da vi flytta inn i dette huset for 12-15 år sidan, vart boksamlinga vår sett opp i hyller greitt nok, men arrangementet fekk eit til-så-lenge-preg. Prosjektet no er å få til ei ordna boksamling der vi og bøkene kan finne tilbake til kvarandre. Og som eg da held på med dette, med å bere bøker over frå eit rom til eit anna, med å tørke støv, med å sjekke, kikke litt - og lese litt, så opplever eg ein "mild eksplosjon", ein kjærteiknande orkan: Så mange flotte bøker vi har! Eg blir halvt slått i svime av alle gjensyn, - koss kunne eg gløyme! Eg blir perpleks av bøker som har venta heilt til no på å bli opna, - så glad eg er for at eg har fått leselysta tilbake! (Dette var bokbadet sitt, det!) Og det er brev og bilde, kort og hefte, avisutklipp, songar. Eg som hadde tenkt meg til med ein flyttesjau, blir altså sitjande der eg sit! Eller kunne eg seie det slik: Eg flyttar til dit eg er, - ikkje til ein annan stad der eg hadde fått føre meg at eg burde vere. Og dette er ei flytting, til staden på staden, som set fart i meg, og som får meg til å falle til ro. Eg er ein arving som har levd midt i arven heile tida, og som no er i ferd med å ny-arve, å gi nytt rom hos meg for arven (der eg er). D.v.s. det er "arven" som tek meg inn i sitt rom. Endeleg ser eg døra som han held vidopen for meg. Nei, eg må visst berre gi opp å forklare denne rare gode kjærlege kjensla av å vere det rikaste mennesket i verda! Men prøv å tru meg! Å "ta med seg bagasjen", når dette er ein bagasje som ein enda ikkje har opna, er ikkje det å reise ifrå bagasjen? 11.september I går, da eg vakna frå draumen, var det altså 11.september. Første delen av diktet til Tone Hødnebø, VI LØP nedover trappene, - får meg til å tenkje på koss brannmannskapa i New York tok seg oppover i dei sprengde skyskraparane, mens folka som var i kontora prøvde å kome seg nedover, "nedover trappene". 12/9-04 Og, ja! - ikkje ver i tvil: Du er heile tida velkomen med kommentarar og tankar! enok@kippersund.no |