Fuglekassen

O

 

Draum 2.05: Hud under hud


Draumen:

Eg driv og skraper med neglene for å få bort den tjukke hornaktige huda som stadig legg seg under/over hælen min, som ei kappe bak på fotbladet.

Så sprekk huda opp (i draumen), som to lepper som opnar seg, som ein musling, og eg ser at innom den ytste huda (som flaknar av som gammal maling) er eit lag eller eit rom, eit skjikt, som mellom to lag med panel, - eit mellomrom som i bygde hus gjerne fyllest med isolasjonsmateriale.

Der inne i opninga, opninga som leppene på hælen min gir meg innsyn i, der ser eg tynne hardtrakka avlange plater av "sjokolade" (innebygde innleggs-solar) som eg greier å pirke ut og leggje på madrassen tett attmed hælen. Eg har gjort eit beslag!

Dette med å plukke ut platene frå hælen min, gjer både vondt og godt. Eg kjenner at den nakne huda, slik som hudlaus hud finst og er under ytterhuda, blir utsett for berøring og luft, - som eit ope sår. Og det er ein lette, a relief, å få tatt bort noko som trykkjer mot dei nakne ubeskytta nakne nerve-endane.

Ganske imponerande kva mengd av "sjokoladeplater" eg har hatt under føtene, innom den tjukke ytterhuda på hælane, - til å gå på!

Til å trø og stige på.

Til å ha som underlag.

Kva verdigrunnlag har eg?

Kva går eg på? Kva går eg for? Kva står eg for?

-------

... eg kjem til ein pub, ser det lyser der inne i dette lave huset, ei grensekro, varmt og mjukt og vennleg,  bak småsprossa vindauge - eg går inn.  Eg er glad for at denne puben er blitt oppretta, - poenget (modellen/konseptet for puben) er at her kan grupper på tre og tre og tre og tre sitja saman og kommunisere seg tre imellom, samtidig som puben under eitt er eit kollektiv, som er frodig og inkluderande.

Ein ung mann sit saman med sine to ved eit anna bord (og denne unge mannen er spinkel, vever, - mykje meir enn brukeleg pent kledd, i ei spesiell avslappa stilsikker kort grå jakke - med svarte bukser til - jakka er skikkeleg fancy og ligg eit dådyrhovud før siste mote.

... denne unge mannen kastar ei fyrstikkøskje mot meg, og treffer meg i bringa (fyrstikkøskja er open, utan lók, men ingen fyrstikker ramlar ut). Eg blir provosert, - eg tenner, blir sint, - eg hadde kome hit for å finne mi tre-gruppe, og så blandar denne jyplingen seg.

Eg stormar bort til guten, den unge mannen.

Eg: Kva vil du meg?

Han: Alvorleg talt.

Eg: Eg oppfattar det slik at når du kastar ei fyrsikkøskje mot meg, og treffer meg, så vil du ha kontakt med meg? Svar meg!

Han: Kutt ut.

Eg går fysisk til angrep på den unge mannen og prøver å rive av han den korte motejakka.

------

Eg taper jakkeslagsmålet, - og pub er pub, kan eg tenkje meg..


Og, ja! - ikkje ver i tvil: Du er heile tida velkomen med kommentarar og tankar! enok@kippersund.no

^til toppen

Fuglekassen        Hugen