Fuglekassen O |
|
Draumen: Midt i mot meg, på ein hoggestabbe, sit eit barn i 4-5 årsalderen, kledd på ein gammaldags måte. Eg løfter ei slegge over hovudet og med full kraft lar eg slegga falle mot hovudet til barnet og treffer nøyaktig der eg ville, i hårfestet over panna. Slaget får ansiktet til å falle av frå hovudet som om det var ein påklistra gipsrelieff. Der "ansiktet" har vore festa, er det no ei bruskaktig flate, glatt og heilt rein, med form som botnen i ei spesiell støypeform. Eg set meg sjølv på hoggestabben og løfter barnet opp på høgre kneet. Gjennom blusen som barnet har på, kjenner eg varmen i barnekroppen, og barnet lener seg tillitsfull innåt meg. Barnet kan ikkje gråte, for det har ikkje auger. Barnet kan ikkje smile eller snakke, for det har ikkje munn. Korleis skal barnet få eit nytt ansikt? Kva kan eg gjere? Og, ja! - ikkje ver i tvil: Du er heile tida velkomen med kommentarar og tankar! enok@kippersund.no |