Fuglekassen O |
|
Ei lesebru mellom Václav Havel og Emmanuel Levinas
Emmanuel Levinas Václav Havel Eg har no tenkt å lese på nytt, og gjere nokre avskrifter, frå to bøker: "Brev til Olga" av Václav Havel og "Den annens humanisme" av Emmanuel Levinas. Eg nemner Havel først, for det var der det begynte, og det var han som sette meg på sporet vidare til Levinas. Det kan bli til at eg no kjem til å pendle mellom dei, - det anar meg at dei blir to bru-kar, ein på kvar si side av ei elv, og at tekstane deira saman vil byggje ei bru, til å krysse fram og tilbake på. Når ein les "Brev til Olga", går det si stund utover i boka før Levinas blir nemnt, - og før Havel blir merksam og fattar interesse? Her er historia om koss broren Ivan formidla Levinas til Václav:
Dette er dei to bøkene eg held meg til: Václav Havel: Brev til Olga. Tanker fra fengslet. - Oversatt av Milada Blekastad. - Aschehoug 1987. ISBN 82-03-15786-6 Emmanuel Levinas: Den annens humanisme. - Oversatt og med innledning, noter og et essay av Asbjørn Aarnes. Etterord om Bergson og Levinas av Hans Kolstad. - Thorleif Dahls kulturbibliotek. Forlagt av H. Aschehoug & Co i samarbeid med Fondet for Thorleif Dahls kulturbibliotek og Det norske akademi for sprog og litteratur. Oslo 1993. - ISBN 82-03-17259-8 |
|
Hovudmeny: Fuglekassen