
Fuglekassen
Eit interaktivt essay utfrå fuglekassen som metafor
Av Enok Kippersund enok@kippersund.no
| Å skrive "interaktivt" vil seie at
teksten blir skriven i ein open kontakt med lesarane. Eg skriv direkte inn på nettet,
steg for steg i rykk og napp. Spørsmål, innspel og kommentarar er heile tida velkomne!
Teksten vil heile tida kunne bli omskriven, utvida eller avkorta. Den direkte skrivemåten vil også gjere at forma vil finne seg sjølv med kvart når det gjeld koss innhaldet skal ordnast (struktur, hovudlinjer, inndeling i kapittel og bolkar). Eg har skrive den innleiande bolken på engelsk. Det handlar om å møte andre menneske med ei aktiv interesse og ei aksepterande haldning, - å lære andre å kjenne gjennom dei sjølve, sjå dei, anse på dei. I denne samanhengen kan eg seie at det handlar om "å gjere seg sjølv til fuglekasse for andre". Eg går no over til å skrive på norsk, og no skal det handle om eit forsøk på å lære meg sjølv betre å kjenne, ein liten grann. Kva vil ei utforskande og aksepterande haldning til meg sjølv innebere, og eventuelt føre til - for meg sjølv? No skal eg vere både fuglen og min eigen fuglekasse! Er dette ein veg til litt meir sjølvforståing, - ei litt større luke for sjølvinnsikt? Bjørke, 18.juli 2003 |
| The birdbox metaphor | Teig 1. - Den innleiande bolken. Ein heil del bilete! |
| Teig 2. - Draumen medan du søv har flust med metaforar! | |
| Draum 2.01 | Ballongen |
| Draum 2.02 | Radikal fotball |
| Draum 2.03 | Dyret i buret (eit tidlegare draumarbeid) |
| Draum 2.04 | Godt mot for ein vêrhane |
| Draum 2.05 | Eg og bagasjen |
| Draum 2.06 | Hud under hud |
| Draum 2.07 | Ansiktet |
| Teig 3. Innspel og replikkar | |
| Replikk 01 | - Dialogens betydning |
| Litteratur. Tilvisingar. | Teig 4. Litteratur. Tilvisingar. |
| Havel og Levinas | Teig 5. Ei lesebru mellom Havel og Levinas |
| Havel-tavle | Teig 6. Havel-tavle - Tekstar av og om Václav Havel |
| Levinas-tavle | Teig 7. Levinas-tavle - Tekstar av og om Emmanuel Levinas |
| Resyme | Kan vere til hjelp for å orientere seg ...... |
| Ark 1 Ark 2 Ark 3 | Spor av ei trivling etter noko |