Fuglekassen O |
| Replikk 01: Dialogens
betydning Ei tilbakemelding (31/7-03) er slik: Jeg fikk lyst til å sende noen ord etter å ha lest oppslaget i Møre Nytt i forrige veke. Intervjuet med deg bidrar til å rette oppmerksomheten mot dialogens betydning. De gamle grekere var jo også opptatt av dialogen. Platon skriver om dette. Han bruker uttrykket "det levande ordet" om ordene som utveksles i en muntlig dialog. Det å ta vare på denne tradisjon er antagelige en viktig oppgave i dagens samfunn, som har så mye fokus kun på informasjonsutveksling og akkumulering av faktakunnskap. Jeg likte godt uttrykket "prosessorientert læring gjennom dialog" som ble nevnt i intervjuet. Lykke til videre ! J. Takk for oppmuntrande tilbakemelding! Kva kan så Platon meine med at ordet i ein ekte dialog er "levande"? At det rører oss og skaper ei forandring, at det opnar for eit nytt utsyn, at det får oss til "å flytte på oss"? Dialog er kanskje annleis enn ein diskusjon der ein drøftar seg fram til "eit samrøystes vedtak", dvs. at begge partar satsar på å sitje att med det same innhaldet i orda? I ein god dialog må vi vere på same bølgjelengde, respektere og gi akt på kvarandre. Like fullt kan det arte seg slik at orda som når fram til meg, skaper eit anna innhald enn det som avsendaren la i dei. Og at når eg sjølv seier noko, som er svært viktig for meg å få uttrykt nøyaktig og tydeleg, så kan det hos mottakaren utvikle seg vidare til noko som eg slett ikkje har tenkt på! Ein god dialog er avhengig av at deltakarane legg ein innsats i å lytte til kvarandre. Skal tru om ikkje Platon hadde hatt sans for uttrykket "aktiv lytting"? Dialogen er den verbale kontakten mellom menneske, orda som
vandrar mellom oss knyter oss til eit fellesskap vi ikkje kan vere utan. Om vi vert
utan dialog med andre menneske, kva vert det då att av oss? Enok
|