Fuglekassen O |
| Resyme 18.juni 2006: I sporet av det uendelige. En debattbok om Emmanuel Levinas. - Tett på eit tjuetal har skrive innlegg i denne boka, som eg finn svært opplysande, slik som det gjerne kan arte seg når fleire frå ulike sider kastar lys over eit emne. Så heldig eg var som kom over denne boka! Har lagt inn eit utdrag av essayet "Levinas - en ny etikk" av Arne Johan Vetlesen. 21.desember 2005: Ei bok har kome til meg med stor klårleik og styrke, og så langt eg kan tru og vite, vil eg sikkert kome til å lese ganske intenst i henne, og sikkert også sitere frå henne. Ho kjem til å vere ein nær og naturleg nabo til "Brev til Olga" i bokhylla. Boka er: Seamus Heaney: Sansen for plassen. Essays i utval. Omsett av Grethe og Jon Fosse. Solum forlag, Oslo 1996. - Seamus Heaney fekk Nobelprisen i litteratur i 1995. Teksten som er sitert som rullestein I, er avslutninga av Nobelprisførelesinga 1995 som hadde tittelen "Med takk til poesien". 1.februar 2004: Så! Der! I dag , 1.februar 2004, kjem eit viktig dokument på plass: Utdrag av innleinga som Milada Blekastad har skrive til "Brev til Olga", - boka/breva som ho sjølv har omsett frå tsjekkisk til norsk. Dette er samtidshistorie, tett og sakleg, dokumentarisk og dramatisk, - gripande, utfordrande: Innleiing 19.januar 2004: - Eit større utdrag frå innleiinga til "Brev frå Olga" er på veg. Innleiinga er skriven av Milada Blekastad, som også har omsett boka. Stundom svingar tanken mot den internasjonale bokmarknaden: Ei engelsk omsetjing av boka finst sikkert. Får sjå med kvart. - Har lenge gått og teke vare på ein draum, som eg har begynt å skrive om i dag: Radikal fotball 28.august 2003: - I innleiinga seier eg at "no skal det handle om eit forsøk på å lære meg sjølv betre å kjenne, ein liten grann". Draumarbeid kan bli ein del av dette prosjektet, og eg har til ein start skrive eit draumereferat med opptakt til ein kommentar, likeins knytt attåt ei litteraturtilvising om metaforar. Eg har også begynt å hente inn utskrifter frå Václav Havel og Emmanuel Levinas. Og, endeleg, - innspel, kommentarar og spørsmål er velkomne!
Enok Kippersund |
Hovudmeny:Fuglekassen Del-meny: Levinas-tavle