Fuglekassen

O

Tilvising 01, om metaforar

Jon Tolaas: Mental flyttebil

Jon Tolaas, f.1939, Nordfjordeid, er ein kjend draumeforskar, også internasjonalt. Han har gitt ut fleire bøker om draum og draumeforståing m.a. I draumeland, Frå vårt natteliv og Paranormale draumar.

Metaforen, "det billedlege uttrykket", er draumen sin måte å uttrykkje seg på. Når du skal arbeide med draumar, er det viktig å anse på metaforane som ligg i draumebilda, vere open for innhaldet i dei og vere klar til å sjå draumen i eit metaforisk perspektiv. Eg hentar hit eit utdrag frå Jon Tolaas si bok Nattkino. Ei bok om draum (Samlaget 1992):

 

"Mental flyttebil

Metaphora står det på moderne greske flyttevogner. Og metaforen, det billedlege uttrykket, er nettopp ein slags mental flyttebil som fraktar kunnskap frå eit område som vi kan kalle kjeldeområdet, til eit ann vi kan kalle målområdet. I seg sjølv er naturlegvis "flyttevogn" ein metafor. Målet med denne flytteprosessen, er at vi skal få vite noko nytt, friskt og gjerne uventa om målområdet.

La oss hente eit enkelt døme frå nettopp kjøring. Vi seier til dømes at ei lita tue kan velte stort lass. Kjeldeområdet er jordbruk og sannsynlegvis høykjøring. Der ser vi at ei lita, uskyldig tue kan kome til å velte eit stort høylass. Denne obervasjonen flyttar vi så over til eit heilt anna målområde, til dømes eit stort prosjekt som utviklar seg fint og greitt, heilt til ein tilsynelatande uskyldig liten tabbe viser seg å velte heile prosjektet.

"Det ligg i grus," kan vi seie og hente stoff frå eit hus eller liknande som rasar saman. Den første gongen denne metaforen blei brukt, gav den trulig eit firskt, fortetta perspektiv på ein kjend situasjon. Sidan er det blitt eit standarduttrykk som har mist krafta. Vi seier gjerne at metaforen er død, og tenkjer slett ikkje på at ein metafor berre kan dø metaforisk. Mennesket har lykkelegvis denne evna til å skape stadig nye, friske lattervekkande og ofte beiske metaforar. Eg siterer ofte noko ein mann sa til meg då eg var gut, om ei kvinne som hadde ein veldig stor munn det ofte rann ord ut av: Det der er ikkje ein munn, det er eit vaffeljern. Ei frisk flytting frå eit vaffeljern som opnar og lukkar seg, til ein kroppsdel. Ein kollega som var lettare irritert over ein bagatell han meinte tok altfor lang tid, sa: Det er boss i bjørnaræv. Denne metaforen var ny for meg, og eg fryda meg over den. Problemet er redusert til eit boss, eit korn av skit, i den veldige bakenden til ein bjørn. Det har ikkje berre fått sin rette dimensjon, det er også bokstavleg talt blitt til eit drittproblem. Bjørnen veit knapt om bosset, og bryr seg slett ikkje om det. Her ser vi ei flytting frå kjeldeområdet anatomi, og meir presist bakenden, til eit problem som i realiteten dreidde seg om bagatellmessig forseintkoming på ein skole.

Det er ingen ende på mulige kjeldeområde og målområde for metaforar, og evna til å oppfatte dei er allmennmenneskelig. Men for å oppfatte metaforar, må vi ofte leve i nokolunde einsarta kulturar. Om vi til dømes seier om ei bok: Slangekjøt, vil trulig nordmenn flest oppfatte denne karakteristikken som negativ, kanskje eit uttrykk for at noko er fråstøytande og uetande, befolka av falske menneske, eller liknande. Men i ein kultur der slangekjøt er ein lekkerbisken, er dette stor ros.

Vi må derfor vere klar over at metaforar er individuelle skaparverk og kulturbestemte uttrykk. I eit samfunn som er på veg til å bli fleirkulturelt, er dette vel verdt å merke seg. Med litt omtanke kan vi utvide gamle kjeldeområde, for sjølve flytteteknikken er den same i alle kulturar. Kanskje er dei metaforane som hentar råmateriale frå kroppen og rørslene, lys og mørke og opp ned-dimensjonen, dei mest tverrkulturelle metaforane vi kjenner. Vi kan til dømes seie at eit firma vaklar (som ein ustø person), eller at ein person er rakrygga (moralsk høgverdig), eller at han eller ho ser lyst på det, er mørk til sinns osv.

Draumen er ekspert på metaforar, men dei er i dei aller fleste tilfelle utan etikett. Det vil seie at draumen viser fram kjeldeområdet og overlet til oss å gjere turen over til målområdet når vi vaknar. Dette er vårt eige liv. Slik tyder vi bilda."

(......)

"Mi erfaring er at mange gjer fantastiske framskritt i draumespråk etter nokre få øvingsstunder. Mange opplever det som gjenkjenningsglede, som å lære om att eit språk vi kunne som barn, men som vi har gløymt. Språket vårt er gjennomsyra av metaforar når vi berre ser det (gjennomsyra er sjølvsagt ein metafor som har kjelda si i kjemien). Nattespråket viser tolmodig og iherdig fram bilda sine til alle menneske kvar natt. Så vi har nok av øvingsmateriale om vi skulle få lyst til å setje oss i flyttevogna inn i vårt daglege liv."

(Frå Jon Tolaas: Nattkino. Ei bok om draum. - Samlaget 1992)

 

Fuglekassen - hovudmeny             Tilvisingar