Grunntekst 5:
'F' med eit arabisk tal etter skråstreken " 'F' med arabisk tal etter skråstreken var lenge ei nøtt, men etter kvart såg han eit mønster også i det. Litt flaks må ein ha om ein skal lykkast, sjølv i strengt fagleg arbeid. Eller kanskje det ikkje er flaks, kanskje det er undermedvitet som styrer assosiasjonsrekkja, som berre tilsynelatande er tilfeldig. Når interessa er mobilisert mot Det Eine, ser ein ting andre ikkje ser. Som når ein er ute og trillar barnevogn i snøføyka, då ser ein barnevogner overalt. Når barnet er ti år, ser ein ingen barnevogner lenger, då er det plutseleg tiåringar overalt." Frå romanen "Ingen er så trygg i fare" av Jørgen Norheim, Det Norske Samlaget, Oslo 2002.
|