Frå Nationen, 7.mars 2002:
Bygdejentene vel utdanning
Nesten halvparten av unge jenter frå distrikta tek høgre
utdanning. Dermed ligg dei langt føre byjentene, der berre ein fjerdedel vel vidare
studiar. - Det er lettare for jentene å venda tilbake til bygda med høgare utdanning,
seier leiar i Norges Bygdeungdomslag, Kristin Søyland (bildet) |
| På oppdrag frå
Nordisk Ministerråd har ei forskargruppe i Norden sett nærare på kva kunnskapar dei
ulike landa har om ungdom i sentrum og utkant. Frå Noreg har forskar og professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda delteke. Resultata frå prosjektet viser mellom anna stor skilnad mellom bygd og by når det gjeld utdanning. Tal frå dei seinare åra viser at om lag 40 prosent av jentene frå distrikta i alderen 19 til 24 år vel høgre utdanning. I dei sentrale austlandsområda held berre 25 prosent fram med vidare studiar etter vidaregåande, fortel Heggen. Jentene på topp Gjennom heile 1900-talet har byungdommen dominert i utdanningsinstitusjonane. No går trenden andre vegen. På slutten av 80-talet merka me ein tendens til at jentene frå distrikta søkte meir høgare utdanning enn tidlegare. Denne veksten flata ut på midten av 90-talet, men no ser me altså at bygdejentene går forbi jamaldrande i byane, seier Heggen. Forskaren trur skilnadene har med livsstil å gjera. Utan utdanning vert valmoglegheitene mykje mindre, difor reiser jenter frå distrikta til utdanningsstader med store ungdomsmiljø. Det treng ikkje tyda at dei vil vekk på lang sikt, men for ei tid, understrekar han. I tillegg trur Heggen på ein dominoeffekt. Dess fleire som flyttar ut, dess mindre attraktivt vert det å vera att, seier han. Gutane heng att Gutane er gjerne meir knytt til lokalsamfunnet. Dessutan er ofte arbeidsmarknaden i distrikta meir attraktive for unge gutar enn unge jenter, trur Heggen. Kristin Søyland, leiar i Norges Bygdeungdomslag, samtykkjer med forskaren. Det er lettare for jentene å venda tilbake til bygda med høgare utdanning. I byane er det fleire yrke å velja mellom der ein ikkje treng skule etter vidaregåande. På bygda er det færre, særskild for jentene, seier Søyland. Ho trur ikkje unge jenter frå distrikta vel høgare utdanning for å koma seg vekk. I botn ligg nok eit ynskje om å studera og utvikla seg. Det kan òg vera godt å koma ut og sjå nye plassar og få nye impulsar ei stund. Så kan ein ta med seg dei tilbake etterpå, seier ho. |