Myrdampnatt Kjell Einar Fjørtoft I natt er øya sveipt i eit lavtflytande teppe av mjuk
myrdamp. Jorda andar tungt og varmt etter elskhug i heit solsteik, og den klare og sprøe
nattelufta lyt bere myranden slik. Stemninga som kler naturen er trolsk og undrande. Trea
snaugnagne nedantil i sauebeitet nedanfor Hestedepelen står der og minner om trea ein har
sett på fjernsynet frå savannane i Nguru Nguru i eit gloheitt Afrika ein stad. Og ein
velviljug fantasi let alvar danse på vatnet i Stordemma. Livet lever i løynd i natt.
Klokka har passert midnatt for berre vel to timar sidan. Det er første natta i
junimånaden, og livet er ungt og pirrande. I skogkanten, i løynd, står eit par hinder med kalvane sine
og ventar på ledig beitemark. Følgjer oss med vare og vaktsame auge, og strittande
øyrer lyttar etter farar som måtte lure ved det doggvåte signamålet. Forkava
småedderkoppar i tusental vev eit doggdråpeberande teppe frå strå til strå, kledande
marka med tynne kvitlar. Frå høge toppspirar i grantre syng eit par svarttrastar såre
serenadar. Angen av nyslegen timotei driv vide omkring, og kviskrar
stilt om rike gåver gjevne av fruktsam jord som bognande rikt byr fram fruktene sine.
Sevja renn raust innom borken no, og seljekvistar lengtar etter liv som toneberande
fløyter skorne av hage gutehender. Dagsljoset er framleis med oss sjølv om natta no på året,
og i den høge synsranda vest i havet skin himmelen med ein raudgul farge, og ber bod om
ei stigande sol på vitjings veg. Sjølve havet ligg der som ein svart spegel, med berre
ei og anna lita krusing her og der, berre som peikande fingeravtrykk av ein ventande mild
sommarbris. Og me, dei heldige som får oppleve og sanse alt dette, står
att med ei djup kjensle av sinnsro og med ei sjelero berande ein tung kjærleik for livet
sjølv, takksame for å få vere i denne stunda med svellande kjensler og tankedans. På Malesanden sleikjer bårer komne langt ifrå berande med
seg eventyr frå fjerne strender, breitt oppetter, og seier taktfaste hysj til fredlause
sjeler. Hysj, som taktfast gjennom ope soveromsglas sullar ein inn i trygg svevn når ein
søkjer slikt. Minne frå rike stunder støytest mot sanden og kviskrar
soger løynd lenge. Om kjensler lik rennande honningdropar nedetter ryggen mot der dei
kjennest mest, veksande i veldig kraft, for så å eksplodere i gledevill nyting.
Gåsehudrøyst ståpels fær som godvêrsgræler nedetter ryggtavla og fortel deg at du
lever Minne myldrar, men kjenslearmoda gnagar. Sakn og lengt græt
sårt. Myrdampen fortel om det.
|