fyrverkeri004_small.jpg (15296 bytes)             hund01.jpg (4268 bytes)           fyrverkerioppn.jpg (8716 bytes)

 

Nyttårsfeiringa vår-

ein nedtur for alle dyr

Med det omfang nyttårsfeiringa vår no har fått, med smelling og rakettoppskyting over fleire dagar og til ulike tider på døgnet og ein samla auke i den mengd fyrverkeri som vert brukt, skal ein ikkje gløyme at dette for mange dyr representerer ei vesentleg påkjenning.

Eit dyrs redsle og den smerte det påfører dyret, har mennesket ikkje rett til å bagatellisere.

Dette gjeld både dei ulike husdyr i stall og løe som hest, storfe og småfe; det gjeld kjæledyr som hund og katt, og ikkje minst ville dyr og fuglar i skog, på fjell og ved vatn.

Mange dyreeigarar er til stades saman med dyra sine på nyttårskvelden for med ulike tiltak å halde redsla på avstand. Mang ein hundeeigar har til dømes feira nyttårskvelden i ei kjellarbu utan vindauge, medan andre tek hunden med på hyttetur, lang frå folk. Andre må dope dyret ned for høvet, ein praksis som i seg sjølv representerer ei påkjenning for dyret. Men for større dyr i bondens fjøs er roande middel uaktuelt; like eins hyttetur. Freistnad på tildekking av vindauge og fuger av Bach frå radioen har vore nytta med vekslande hell.

Med omsyn til dei ville dyra kan vegen til katastrofe vere nær. Ein kjenner såleis til at hjortevilt har sprunge seg utfor svad og hamrar på si flukt og der har funne sin død når himmelen brått slik fall ned over dei. Og ein har rapport på at ulike arter av fuglar så som hegrar og svaner har enda sine liv i møte med trådar og kraftspenn idet dei letta frå sine vante nattkvarter.

Det er slike bakgrunnsfakta som gjer at kvart tenkjande menneske bør ta opp med seg sjølv om den nyttårsfeiring vi no praktiserer, kanskje heller burde ta andre former.

Om så norsk styresmakter ønskjer å setje i verk fleire reguleringar og tiltak for å avgrense bruken av fyrverkeri, står att å sjå. Men det personlege ansvaret kjem du ikkje frå.

7.januar 2003.

Åsmund Orten, distriktsveterinær i Volda og Ørsta

e-post: aasmund.orten@dyrehelsetilsynet.no

dyrehelsejpg.gif (4566 bytes)

 

Heimskringla           Hugen